VØR Miljøpark Melsgjerdet

VØR Miljøpark Melsgjerdet

VØR, Volda/Ørsta Reinhaldsverk, skulle etablere nytt mottaksanlegg for avfall på Melsgjerdet i Ørsta. Fase 1 omfatta etablering av eit komplekst avfallsmottak for papir, matavfall, restavfall og hageavfall med avanserte tekniske installasjonar i tråd med strenge utsleppskrav. Totalt skulle det førast opp eit hall-areal på ca. 3000m2, i tillegg til eit moderne administrasjonsbygg med passivhusstandard på ca. 400 m2. 

Det skulle i denne fasen også etablerast innkøyringsareal med bom og vekt, men også vaskeanlegg og nødvendig utenomhusområder med manøverareal, parkering og oppstilling. I grunnen skulle det etablerast eit omfattande system for handtering av overvann med bl.a. oljeutskiller, fordrøyningsbasseng og infiltrasjonsanlegg. Heile området skal vere sikra, inngjerda og lyssettast. Prosjektet låg ved ei lakseelv, og det er eksisterande landbruksområde og bustadar i nærområdet. Det var difor særs strenge ytre miljøkrav som blei iverksett. 

Aurstad var totalentreprenør med ansvar for søknad om ramme og IG, men også styring av prosjektering og utførande i alle fag: grunnarbeid, betong, stål, elektro, VVS, taktekking, tømrer, automasjon, arkitekt, brannsikring og VA. I alt var det ca. 20 ulike aktøren. 

2020-2022 

Hovudentreprise 

Volda/Ørsta Reinhaldsverk 

Ørsta, Møre og Romsdal

2020-2022 

Hovudentreprise 

Volda/Ørsta Reinhaldsverk 

Ørsta, Møre og Romsdal