Vi søkjer etter annleggsformenn tunnel
Vi har auka oppdragsmengde innan driving og rehabilitering av tunnelar og treng fleire dyktige anleggsformenn til å gjennomføre oppdraga våre. Det første prosjektet ein vil vere knytt til, er Tussa II-prosjektet på Bjørke.
Om oss
Aurstad er eit norsk anleggsentreprenørkonsern som byggjer infrastruktur, til dømes vegar og tunnelar, flyplassar, kraftanlegg og kommunaltekniske anlegg. Hovudkontoret vårt ligg i Hovdebygda i Møre og Romsdal, men vi har òg kontor i Nordfjordeid, Ålesund og Bodø. Marknadsområdet vårt er hovudsakleg Vestlandet, men vi tek på oss prosjekt i store delar av Noreg.
Vi har om lag 150 tilsette i Aurstad. Arbeidarane er kjernen i firmaet og legg grunnlaget for suksessen vår. Difor er det viktig at dei tilsette har god kompetanse, er gode lag- og relasjonsbyggjarar og er motiverte. Vi treng arbeidarar som viser ansvar, tek initiativ og er engasjerte i arbeidet sitt. Dette er avgjerande for å skape effektiv drift i prosjekta våre.
Arbeidsoppgåver:
Ansvar i nært samarbeid med anleggs- og prosjektleiar, med vekt på følgjande:
- Leie det daglege arbeidet ute i felt i samsvar med kontrakt og planar, og gjennomføre lagsmøte
- Sørgje for at nødvendig arbeidsgrunnlag er på plass
- Bemanningsplanlegging og innrapportering av personell
- Sørgje for at personell, maskiner og utstyr er godkjende etter gjeldande krav, og at dokumentert opplæring/typeopplæring er gjennomført
- Mottakskontroll av varer
- Gjennomgang av timeregistrering og attestasjon
Vi ser etter deg som har/er:
- Relevant utdanning og arbeidserfaring
- Leiarerfaring
- Gode IT-kunnskapar
- Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
- Gode haldningar til kvalitetsarbeid, HMS og miljø
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Lag- og relasjonsbyggjar
- Påliteleg, ansvarsmedviten og nøyaktig
- Initiativrik og handlekraftig
- Analytisk og resultatorientert
Relevant erfaring frå liknande stilling vil bli vektlagd.
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø
- Spennande prosjekt
- Innovativ arbeidsplass der du får vere med på å skape, med korte avgjerdsvegar
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar
- AFP-bedrift
Er du den nye formannen vår med interesse for både planlegging og praktisk arbeid? Hugs å sende søknad og CV i skjemaet under.
Søknadsfrist: 23. oktober 2026. Innkomne søknader blir vurderte fortløpande.
Kontaktinformasjon: Andor Ø. Håskjold, tlf. 907 55 838


