Vi søkjer etter anleggsmekanikar og erfarne tunneldrivarar

Aurstad har fått nytt tunneloppdrag og har difor behov for å styrkje laget vårt. Vi søkjer etter følgjande: anleggsmekanikar tunnel, tunnelarbeidarar og sprøyteoperatørar med erfaring.

Vi søkjer etter anleggsmekanikar og erfarne tunneldrivarar 1

Om oss

Aurstad er eit norsk anleggsentreprenørkonsern som byggjer infrastruktur, til dømes vegar og tunnelar, flyplassar, kraftanlegg og kommunaltekniske anlegg. Hovudkontoret vårt ligg i Hovdebygda i Møre og Romsdal, men vi har òg kontor i Nordfjordeid, Ålesund og Bodø. Marknadsområdet vårt er hovudsakleg Vestlandet, men vi tek på oss prosjekt i store delar av Noreg.

Vi har om lag 150 tilsette i Aurstad. Arbeidarane er kjernen i firmaet og legg grunnlaget for suksessen vår. Difor er det viktig at dei tilsette har god kompetanse, er gode lag- og relasjonsbyggjarar og er motiverte. Vi treng arbeidarar som viser ansvar, tek initiativ og er engasjerte i arbeidet sitt. Dette er avgjerande for å skape effektiv drift i prosjekta våre.

Vi søkjer etter anleggsmekanikar og erfarne tunneldrivarar 2
:
Vi søkjer etter anleggsmekanikar og erfarne tunneldrivarar 3
:
Vi søkjer etter anleggsmekanikar og erfarne tunneldrivarar 4
:

Det første oppdraget ditt vil vere på prosjekt Tussa II på Bjørke i Volda. Aurstad er hovudentreprenør for utbygginga av det nye kraftverket og skal mellom anna drive tunnel, byggje dam og kraftstasjon, utføre betongarbeid og bygge tilhøyrande vegar. Prosjektet er ei stor og viktig kraftutbygging som skal styrkje energiforsyninga i regionen.

Vi søkjer deg som helst har følgjande kompetanse/eigenskapar:

· Fagbrev i fjell- og bergverksfaget

· Praktisk erfaring med berginjeksjon for underjordsanlegg

· S2 sprøytebetong til bergsikring

· Bergsprengarsertifikat

· Førarkort kl. C

· Kompetansebevis for masseforflyttingsmaskiner

· ADR-sertifikat

· Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

· Erfaring frå tilsvarande arbeid

· Fokus på kvalitet og HMS

· Engasjert og løysingsorientert

· Sjølvstendig, men trivst også med å jobbe saman med andre med varierte oppgåver

Vi tilbyr:

· Godt arbeidsmiljø

· Ein innovativ arbeidsplass der du får vere med å skape

· Ryddige bu- og arbeidsforhold

· Konkurransedyktige vilkår med gode lønns- og pensjonsordningar, AFP-bedrift

Søknadsfrist: 23. oktober 2026. Innkomne søknader blir vurderte fortløpande.

Kontaktinformasjon: Andor Ø. Håskjold, tlf. 907 55 838

Er dette interessant for deg? Send oss ein søknad og CV i skjemaet under: