Vi skal byggje Tussa II på Bjørke

Aurstad er tildelt entreprise for utbygginga av Tussa II kraftverk på Bjørke – eit milliardprosjekt som skal styrkje energiforsyninga i regionen.

Vi skal byggje Tussa II på Bjørke 1
Vi er stolte av å ha signert kontrakten, og ser fram til eit godt samarbeid. Arild Høydal Prosjektleiar Tussa, Cato Aurstad Driftsdirektør Aurstad, Olav Osvoll Konsernsjef Tussa og Jo Stian Tverberg Daglig leiar Aurstad

Ansvar for prosjektering og bygging

Tussa II kraftverk på Bjørke er ei investering på 1,55 milliardar kroner og skal styrkje energiforsyninga i regionen for fleire tiår framover. Det nye anlegget skal byggjast parallelt med dagens kraftverk og vil få ei installert effekt på 150 MW – ein betydeleg auke frå dei 60 MW dagens anlegg leverer.

Prosjektet markerer eit viktig steg for framtidig energiforsyning i regionen, og no er det klart at Aurstad skal ha ei sentral rolle i gjennomføringa.

– Dette er eit stort og viktig prosjekt, både for regionen og for oss. Å bli tildelt Tussa II er ei tillitserklæring vi set svært høgt. Prosjektet er komplekst og krevjande, og det passar godt med den kompetansen og gjennomføringsevna vi har bygd opp gjennom mange år, seier administrerande direktør Jo Stian Tverberg i Aurstad.

Vi skal byggje Tussa II på Bjørke 2
Foto: Slyngstad Aamlid arkitekter

Aurstad si rolle i prosjektet

Aurstad er engasjert som hovudentreprenør for Tussa II, og skal stå for driving av tunnel, bygging av dam og kraftstasjon, alt av betongarbeid samt tilhøyrande vegbygging.

Oppdraget stiller høge krav til presisjon, samordning og effektiv framdrift. Med brei erfaring frå kraftutbyggingar over heile landet, har Aurstad eit solid fundament for å levere på desse krava.

– Kraftutbygging er eit av våre viktigaste satsingsområde. Vi har gjennom fleire tiår opparbeidd tung fagkompetanse innan tunnel, betong og komplekse anlegg i krevjande terreng. Tussa II er eit prosjekt som krev nettopp denne breidda, seier Tverberg.

Han peikar på at samarbeidsmodellen i prosjektet har vore avgjerande i utviklingsfasen, der entreprenør, byggherre og rådgivarar saman har arbeidd fram gode og gjennomførbare løysingar.

– Vi har vore tett involverte i planlegginga og har saman med dei andre aktørane bidrege til å redusere risiko og optimalisere løysingane. Det gir eit godt utgangspunkt for vidare gjennomføring, seier Tverberg.

Vi skal byggje Tussa II på Bjørke 3
Eksisterande kraftverk er markert med raud strek på kartet. Tussa II er markert med svart strek. Vegen er markert med grønt.

Eit viktig bidrag til ny kraftproduksjon

Tussa II skal byggjast og driftast uavhengig av eksisterande kraftverk, og vil bidra til meir stabil og fleksibel kraftproduksjon i eit kraftsystem som i aukande grad er prega av uregulert energi frå sol og vind. Med høgare effekt kan ein produsere meir kraft i timane behovet er størst.

Utbygginga inneber bygging av ny kraftstasjon og nye vasstunnelar, i hovudsak inne i fjellet. Det skal også byggjast ny veg frå Åkreåsen med tunnel opp i Tyssedalen, og dammen i Tyssevatnet skal oppgraderast for å møte strengare krav til damtryggleik.

Vi skal byggje Tussa II på Bjørke 4
Dammen ved Tyssevatnet skal oppgraderast.

Byggjer for framtida

Prosjektet har ein estimert byggjetid på om lag 3,5 år, med planlagt oppstart hausten 2026. Det er lagt stor vekt på HMS, berekraft og reduserte klimagassutslepp i gjennomføringa, mellom anna gjennom bruk av elektriske anleggsmaskiner der det er mogleg, CO₂-nøytralt drivstoff og lågkarbonbetong der det er teknisk forsvarleg.

For Aurstad handlar prosjektet ikkje berre om teknisk gjennomføring, men også om samfunnsoppdraget.

– Vi skal vere ein trygg og profesjonell samarbeidspartnar for Tussa, og samstundes bidra til lokal verdiskaping og aktivitet i regionen. Å få vere med på å utvikle ny, regulerbar kraftproduksjon er meiningsfullt arbeid – det handlar om å byggje infrastruktur som samfunnet er heilt avhengig av, seier Tverberg.

Med Tussa II tek Aurstad endå eit steg vidare som ein leiande entreprenør innan bygging av kraftanlegg og annan samfunnskritisk infrastruktur på Vestlandet og i resten av landet.

Følg oss på Facebook for fleire nyheiter, ledige stillingar og eit godt innblikk i Aurstad-livet.