Møt: Therese Holen
Ho er mannskapskoordinator i Aurstad og har ansvaret for å planleggje, koordinere og følgje opp bemanninga på tvers av prosjekta, slik at rett person er på rett plass til rett tid.
Therese Holen har snart to år bak seg som mannskapskoordinator i Aurstad. Med ei solid bakgrunn innan helse og personalarbeid, har ho funne seg godt til rette i rolla som ein viktig brikke i bemanninga av prosjekta våre – og ikkje minst som ein støttespelar for lærlingane våre.
Frå helsesektoren til anleggsbransjen
Therese er oppvaksen og bur på Sæbø og har tre vaksne gutar. Ho er utdanna helsesekretær og har over 20 års erfaring frå helsesektoren – mellom anna 18 år i bedriftshelsetenesta og fem år på Legesenteret i Ørsta.
– Erfaringa mi frå BHT har vore gull verdt. Det å arbeide med menneske, ha god oversikt og kunne kommunisere tydeleg – alt det har eg tatt med meg inn i rolla som mannskapskoordinator, seier ho.
Overgangen til anleggsbransjen var både spennande og utfordrande, men ho såg fort at mykje av kompetansen hennar var høgst relevant også i denne bransjen.
Ein jobb med mykje ansvar – og stor variasjon
Arbeidskvardagen til Therese er variert og hektisk – akkurat slik ho likar det. Ho har ansvar for bemanninga på prosjekta våre, og har til ei kvar tid oversikt over kvar folk er, kven som treng fleire ressursar, og korleis vi får folk trygt og effektivt dit dei skal.
– Eg samarbeider tett med prosjektsjef og prosjektleiarar, og er i konstant dialog med dei for å sikre at vi har rett person på rett plass. Eg bestiller òg flyreiser og organiserer logistikken rundt reiser til og frå anlegg, forklarar ho.
I tillegg har ho ansvar for lærlingane i Aurstad – både inntak, oppfølging og kontakt med skulane.
– Eg og kollegaen min Jan Reite reiser ofte også rundt til vidaregåande skular og fortel om Aurstad og kva vi kan tilby. Det er viktig for oss å vere synlege og tilgjengelege, og å vise at vi er ein god og trygg arbeidsplass for ungdom som vil satse.
Tilgjengeleg for dei tilsette
Therese er ein del av bemanningsteamet i selskapet, og rolla hennar er heilt sentral for at prosjekta skal gå som dei skal. Det handlar om meir enn berre tal og skjema – det handlar om å forstå behova til prosjekta, og kjenne menneska som jobbar der.
– Eg må vite kven som er kvar, når dei skal på skift og korleis dei kjem seg dit. Det er mykje logistikk, men også mykje menneskekunnskap. Ein må vere både strukturert og fleksibel – og ikkje minst tilgjengeleg når folk treng hjelp eller lurar på noko.
Samarbeidet med andre funksjonar i selskapet er avgjerande. For at ting skal flyte godt, må kommunikasjonen vere tydeleg og effektiv – og det er viktig at alle veit kven som gjer kva.
– Eg snakkar med mange, både på telefon og på kontoret. Det er viktig at folk kjenner meg, veit kor dei finn meg og at eg kan hjelpe dei når det trengst.
Trivsel, tempo og læring
For Therese er det møtet med menneske som gjer jobben hennar ekstra meiningsfull. Ho trivst med å løyse utfordringar, prate med folk og bidra til at kvardagen til kollegaene hennar blir litt enklare.
– Det beste med jobben er å få vere i kontakt med så mange ulike folk. Eg er mykje i telefonen, og folk stikk ofte innom kontoret for ein prat eller eit spørsmål. Det gjer kvardagen både sosial og variert – og det likar eg.
Samtidig er det ikkje til å leggje skjul på at jobben òg kan vere krevjande. Tempoet er høgt, og ein må ofte snu seg rundt raskt når noko endrar seg.
– Eg har lært meg å vere både løysingsorientert og kreativ. Det dukkar ofte opp uforutsette ting, og då må ein berre omstille seg og finne nye løysingar. Det er ein del av kvardagen, og noko eg faktisk likar veldig godt.
Med «gulekleda» ut på anlegg
Sjølv om ho i hovudsak har kontorplass, er Therese av og til med ut på anlegg. Det synest ho er både nyttig og lærerikt.
– Det å vere ute i felt og sjå korleis ting faktisk går føre seg, gir meg eit betre innblikk i kvardagen til dei som jobbar der. Eg lærer mykje av det – og det gjer at eg kan gjere jobben min enda betre. Eg har til og med fått meg gulekleda mine, så eg glir fint inn, ler ho.
Eit arbeidsmiljø å trivast i
Therese er tydeleg på at ho har funne seg godt til rette i Aurstad – både fagleg og sosialt.
– Eg har kjekke og dyktige kollegaer, eit interessant arbeidsfelt og ein variert kvardag. Det er alltid noko nytt som skjer, og det passar meg godt. Det er aldri ein kjedeleg dag i denne jobben – og det likar eg!