Visjon og verdiar

” Vi skal vere ein ansvarleg og innovativ hovudentreprenør, som set spor både på land, i menneske og historia ”

Aurstad – vi set spor

I Aurstad er vi opptatt av at våre verdiar til ei kvar tid skal vere implementert i alle ledd i organisasjonen. Desse verdiane er hjørnesteinane for kulturen i vårt selskap, og er med å definere selskapet i kvardagen.

Dei fire verdiane, kalla NIPA, fortel kva Aurstad skal vere i kvardagen:

Nær

Vi er ein stor arbeidsgjevar, som rører ved lokalsamfunnet. Vi er eit selskap som bygg infrastruktur der menneska lever, og som har stor betydning for omverda. Vi er også opplekne av gode relasjonar internt i selskapet vårt, som vidare skaper eit godt miljø. Vi tek vare på våre tilsette.

Innovativ

Vi er eit selskap som er tufta på innovasjon. Vi har innovasjon bevisst forankra i heile organisasjonen, og er eit selskap som er open for nye idear og impulsar. Vi er eit selskap med både fagmiljø og utøvande-ledd innad i organisasjonen, og vi er tett på bransjen og kundar. Dette er forhold som gjer oss godt rusta til innovasjon og utvikling.

Profesjonell

Vi er ein aktør som opptrer med ei profesjonell haldning i alle relasjonar både internt i selskapet, og eksternt mot omverda.
Vi har ein organisasjon med kunnskap, kompetanse og evne til å utøve sitt fag på beste måte i vår bransje.

Ansvarleg

Vi er eit selskap som tek samfunnsansvar, og er medviten på selskapet sin påverknad på miljø, samfunn og menneske. Dette viser vi gjennom etablerte miljøtiltak og ved å framstå som ein aktiv og viktig bidragsytar i lokalsamfunnet, og ved at vi har forankra retningsliner med fokus på KHMS i selskapet. Vi er òg eit selskap som arbeider etter tanken om langsiktig verdiskaping, i staden for kortsiktig profitt.