Tenester

Tunnelar, boring og sprenging

Vi tek på oss dei aller fleste oppdrag innan boring og sprenging. Alt i frå steinbrotsdrift og vegskjeringar, til små og store byggegroper. I tillegg tek vi på oss små tunnelar opp til 45 m2. Vi kan stå som hovud- eller underentreprenør sidan selskapet vår har sentralgodkjenning for bergarbeid.

Boring og sprenging har eiga avdeling som har fokus på kvalitet og god kompetanse for å kunne levere eit godt resultat i forhold til kvalitet og økonomi.

Maskinparken består av åtte boreeiningar med påmontert GPS - styring for å kunne legge inn elektronisk boremønster. Ved å bruke elektronisk boremønster vil kvaliteten på steinen bli merkbart betre. Maskinparken er eigna til å kunne bore i alt, frå steinbrotdrift og vegskjeringar, til små og store byggegroper.  

Avdelinga har eigne sprengelag med nye ADR-bilar/hengarar som utfører alt frå tekniske små salver til store steinbrotssalver. Bergsprengarane har erfaring med bruk av alle typar sprengstoff og tennmiddel. I tillegg er fleire bergsprengarar kursa på bruk av elektroniske tennarar. Avdelinga har til saman fem bergsprengingsleiarar som har høgt fokus på HMS og sikker drift av sprengingsarbeidet.

Vi tek på oss jobbar i heile Sør-Noreg og har rik erfaring med dei fleste bore- og sprengingsarbeid:

  • Steinbrotdrift
  • Vegskjeringar
  • Byggegroper
  • Hustomter
  • Industritomter
  • Grøfter og kanalar
  • Enkelte tunnelarbeid
  • Boring til bolting
  • Sprenging under vatn ned til 3m
  • Kontur og saumboring

Masseforflytting

Masseforflytting er vår kjerneverksemd og har vore det heilt sidan starten. Og vi har spesialkompetanse innan for fagfeltet. Vi har ein moderne maskinpark, med avansert og effektivt utstyr. Til transport har vi eit stor antall semi-lastebilar, dumperar og truckar. Til opplasting har vi hjullastarar og gravemaskiner som er utstyrt med GPS og maskinstyring. Ein fordel med dette er at oppdrag vert utført etter presise målingar og med auka effektivitet.

Prosjektering

Aurstad tilbyr prosjektering innan samferdsel, vatn- og avlaup og kraftverk. Primært i samanheng med totalentreprise. Vi brukar bl.a. AutoCad, Novapoint og Gemini som dataverktøy. Vi har sentral godkjenning som prosjekterande innan fagområdet «overordna ansvar for prosjektering (bygning, anlegg eller konstruksjon, tekniske installasjonar) tkl. 2. Der vii dag manglar kompetanse eller kapasitet i eigne rekker, samarbeider vi med eksterne rådgivarar.

Knusing av asfalt og steinmaterialar

Aurstad har 3 grovknuseverk, 3 finknuseverk og 4 sikteverk.
Til mating av grovknuseverk nyttar vi gravemaskinene. Til å mate finknuseverka og transportere ferdigvarene på sine respektive lagerdungar nyttar vi hjulllastarar. Hjullastarane har påmontert vekter godkjent for kjøp og sal.
Som dokumentasjon på kva vi utfører, tek vi dagleg ut vektlappar med nøyaktig spesifikasjon på mengde tonn av dei ulike fraksjonane. Tonna fører vi over på oversiktskart for kunden, med spesifisert mengde tonn pr. gradering produsert dag for dag. Dette vert nytta som fakturagrunnlag.
Med desse mobile knuseverka tilbyr vi knusing av steinmateriale over heile Sør-Norge. Vi tek på oss både større og mindre knuseoppdrag, som:

  • knusing av materiale til vegbygging
  • knusing av tilslag til asfalt og betongindustrien
  • knusing av ballastmasse
  • knusing av asfalt.

For berekning av produksjon og fraksjonsval set vi opp flytskjema der vi kan finne optimale kapasitetar for knuseverka.

Grunnarbeid

Vi kan ta på oss alle typar større grunnarbeid. I dei fleste tilfelle kan vi også ta på oss prosjektering.

Kommunalt tekninsk arbeid

Vi tek på oss både bustadfelt, og industriområde, frå første spadetak til overlevering av "nøkkelferdig" anlegg.

Rørlegging

I Aurstad si VA avdeling har vi 14 tilsette på rør, av desse ein med meister, fem med ADK 1 kurs, fire med sveisesertifikat for speil og el sveising av PE-rør opptil 450 mm. Dei andre er hjelpemenn. Ei nisje i dette fagfeltet er speil-sveising av rør. Fordelen med dette er at røra opprettheld styrken også i skøytane. Denne type rør vart nytta på prosjekt:

  • På Tysse vart det sveist ca 3 km PE rør
  • På Kviven ca 1,5 km
  • På Kvam ca 8 km
  • På Eid ca 5 km
  • På Moskog ca 1,7 km

Vi legg alle typar rør, VA og trekkerør, og vi kan også ta på oss innvendig installasjon. Vi har kjerneboringsutstyr for betong opptil Ø 400 mm

Vegbygging

Vi utfører alt frå gang-og sykkelvegar til Eurpoavegar. Vi kan stå for heile prosjekt. Vi har også fagfolk som kan leggje murar av naturstein. Grøfter ved vegen vil då blande seg med naturen, og gir området ei fin ramme.

Mudring

For mudring har vi gravemaskiner med langstikke. Vi har eigen lekter som maskina kan stå på for å utføre arbeidet. Det meste av mundringsarbeidet er hamner og liknande.

Spesialtransport

Med 4 einingar til spesialtransport tek vi på oss små og store oppdrag, for dei aller fleste maskiner og objekt.
Til flytteoppdrag har vi i dag:

  • 1 stk. delbar brønnhengarar, med utbreiddbart og forlengbart lastebord.
  • 2 ordinær svane flyttetralle med utbreiddbart lastebord.
  • 1 stk. krokbil med maskinflak.

Lekter

Vi har lekter "Eken II" med kjenneteikn LK 6206, med dimensjon 32 X 14 X 2,5m. Bruttotonnasje er på 321 tonn og byggeår er 1981. Lekteren er godkjent med farts-sertifikat.Vi har også 3 pantonger på 3x6m
Lekteren har på montert 2 stk. køyrelemar for på- og avkøyring av maskineri. Maksimal breidde er 4m, og køyrelemane er 15m lange.
Fribord midtskips = 1,75m Djupgang = 0,75m
Lekteren vert trekt av slepebåt med tilstrekkeleg slepekraft for lekter og last.
Lekteren kan nyttast til ulike formål:

  • Frakt av masser(Fyllmasse-sprengtstein)
  • Frakt av maskiner og utstyr
  • Lagerplass ved kai- og hamneutbygging
  • Riggplass for brakker
  • Arbeidsplattform for mobilkraner

Kraftverk/ Vassveg

Dei siste åra har vi satsa stadig meir på utbygging av kraftverk. Dette er ofte svært omfattande prosjekt. Kompleksiteten og utfordringane har vore varierande frå anlegg til anlegg.

  • Vassveg i rør frå minste til største diameter 50 cm til 2 m.
  • Tunnel i eigen regi, 300m.
  • Brakkerigg i 900m høgde utan veg eller straum. Alt riggarbeid utført med helikopter.
  • Platedam, fyllingsdamar.