Ny administrerande direktør i K. A. Aurstad AS og Aurstadkonsernet
Publisert 22.12.2017

Jo Stian Tverberg blir ny administrerande direktør for K. A. Aurstad AS og Aurstadkonsernet frå mars.2018. Jo Stian er sivilingeniør frå NTNU og har lang erfaring frå leverandørindustri og entreprenørbransje. Han kjem frå Tussa Installasjon AS, som han har leia sidan 2011. Han har også styreerfaring både frå næringsliv og offentlig verksemd.
- Vi har hatt ein rekrutteringsprosess med mange gode og kvalifiserte søkjarar, og har kome til et val vi er svært godt nøyd med. Jo Stian har teft for forretningar, solid leiarerfaring og er opptatt av menneska. I åra framover skal vi utvikle vår kunnskaps- og teknologibase, for å stå sterkare rusta i ei framtid med auka konkurranse og stadig større kontraktar. Vi har med leveransane våre dei siste åra satt spor. Kvaliteten på det vi leverer blir verdsatt av kundane og brukarane. Det er motiverande og vi posisjonerer oss for å delta i fleire av dei større kontraktane som no kjem ut. Jo Stian har dei beste føresetnadane for å leie selskapa i Aurstadkonsernet inn i framtida, og eg ser fram til å samarbeide med han, seier konsernsjef og hovudeigar Cato Aurstad.
Aurstadkonsernet som består av maskinentreprenørselskapet K A Aurstad AS og Volda Ørsta Pukkverk AS. Vi byggjer veganlegg, tunnelar, flyplassar, kraftverk, kraftliner og kommunalteknisk anlegg. Selskapets forretningsverksemd er retta mot anbodsmarknaden, og kundane er i hovudsak offentlige infrastruktureigarar, kraftsektoren, kommunar og større entreprenørar. Firmaet har administrasjon og verkstad i Hovden Industriområde i Ørsta kommune. Selskapet har om lag 200 tilsette. Selskapet blei etablert i 1985 og er eigd av Cato Aurstad og Kjell Arne Aurstad.