Pressemeldingar

2014 eit godt år for K A Aurstad AS

Publisert 09.07.2015


Driftsinntektene i 2014 enda på 573,5 mill. kr. Dette er ein auke på 10,7% i forhold til 2013. Driftsresultatet var på 42,2 mill kr noko som er ein auke på 0,5 mill kr i forhold til 2013.

I 2013 hadde selskapet inntekter på investeringar i dotterselskap på 9,4 mill kr som ein ikkje hadde i 2014. Dette resulterte i at resultatet før skatt vart redusert med 8,8 mill kr til 41 mill kr.

Rekneskaps tal i heile millionar kr:

2014 2013
Driftsinntekter 573,5 519,9
Driftsresultat 42,2 41,7
Resultat før skatt 41 49,8

Resultatet for 2014 ligg innanfor den langsiktige målsettinga på 5-8% resultat før skatt av driftsinntektene. Styret er soleis nøgde med resultatet for 2014.

Pr 31.12.2014 hadde selskapet 192 tilsette og ein ordrereserve på ca 600 mill kr.

Det er lite aktivitet på anleggsmarknaden i vårt nærområde for tida og K A Aurstad AS forventar difor ein nedgang i aktivitetsnivået og i driftsinntektene i 2015.

06.03.2015

Per Kristian Langlo
Administrerande direktør
Mobi: 907 58 185
e-post: per.kristian@aurstad.no