2013 eit godt år for K A Aurstad AS
Publisert 13.03.2014
Rekneskapen for 2013 viser at omsetninga i K A Aurstad AS auka frå kr 403 millionar i 2012 til kr 520 millionar i 2013. Driftsresultatet auka frå kr 29 millionar i 2012 til kr 42 millionar. Resultatet før skatt auka frå kr 26 millionar til kr 50 millionar.
Styret i selskapet er svært nøgde med det gode resultatet som ligg i overkant av den langsiktige målsettinga på 5-8% resultatmargin. Det gode resultatet skuldast i stor grad at selskapet har hatt god kapasitetsutnytting og at mange dyktige tilsette som har ytt stor innsats og pågangsmot.
På slutten av 2013 vart det danna eit nytt selskap, Aurstad AS, som er konsernspiss og 100% eigar av selskapa K A Aurstad AS og Volda & Ørsta Pukkverk AS.
Samstundes med danninga av Aurstad AS skjedde det ei profil endring i konsernet ved at det vart innført ein ny logo, nytt domene (www.aurstad.no) og nye nettsider.Rekneskapstala for 2013 og 2012 ser slik ut:
K A Aurstad AS (heile mill. kr)
2013 | 2012 | Endring | |
Driftsinntekter | 520 | 403 | 29% |
Driftsresultat | 42 | 29 | 45 % |
Resultat før skatt | 50 | 26 | 92% |
Ved inngangen av 2014 hadde K A Aurstad AS ein ordrereserve på ca kr 900 mill. og det er venta ein høg aktivitet også i 2014.
Ørsta, 13.03.2014.
Per Kristian Langlo
Dagleg Leiar
Mobi: 907 58 185
e-post: per.kristian@aurstad.no