Aurstad i media

Tett tak ved VØR sitt nye anlegg på Melsgjerdet

Publisert 15.02.2022


- Tusen takk til alle som har stått på alt slags ver, både Aurstad Tunnel og underleverandørane.

Det sa VØR-styreleiar Anne Ellingsen då det tysdag føremiddag var kranselag med kaffi og marsipankake for å feire at taket på omlastingsstasjonen er tett.

- Her skal vi ta imot matavfall, plast, papp, papir, metall og glas, og det er eit topp moderne og miljøvenleg anlegg. Sluser og filter skal syte for at det vert luktfritt for omgjevnadane, og nullutslepp til elva, seier VØR-leiar Petter Bjørdal.

At matavfallet vert flytta til Melsgjerdet, gjer også at ein blir kvitt luktproblem på anlegget i Hovdebygda – eit problem som gjerne oppstår i friperiodar som jul og påske.

- Og så frigjer vi plass i Hovdebygda, slik at vi mellom anna får metall-avfallet under tak. Dermed vert det slutt på at måsar stikk av med til dømes makrellboksar, slepp det ned over flystripa og slåst om restane der, seier Bjørdal, som elles kan fortelje at det ikkje har gått meir enn vel tretti år sidan Ørsta-Volda avvikla sitt søppelanlegg i Alida.

Raske

Etter år med venting på løyve starta ein i fjor bygginga av omlastingsanlegget til VØR på Melsgjerdet. Grunnarbeidet på Melsgjerdet var for det meste ferdig til sommaren 2021, og etter ferien starta ein med å reise bygga. No er taka på bygga tette, og ein har starta med innreiingsarbeidet i dei ulike bygga. Det er Aurstad Tunell AS som er entreprenør på dette arbeidet.

Omlastingsanlegget på Melsgjerdet er eit resultat av strengare krav til oppbevaring av avfall og meir utsortering av ulike avfallsfraksjon. Skal ein kunne ta i mot fleire sorterte fraksjonar ved anlegget i Hovdebygda er det nødvendig med meir plass. Det er også eit krav frå Statsforvaltaren om at alt avfall skal mellomlagrast under tak og på tett dekke.

Juni

Innsamlingsdelen av VØR blir frå juni flytta frå anlegget i Hovdebygda til Melsgjerdet. Alt avfall som blir samla inn hjå dei private hushaldningane i kommunane Ørsta og Volda skal tømast og lastast om ved omlastingsanlegget på Melsgjerdet. Miljøstasjonen skal fortsatt vere plassert ved anlegget i Hovdebygda.

Anlegget på Melsgjerdet består av to bygg. Bygg A inneheld vaskehall, lasterampe, mottaks- og omlastingsanlegg for matavfall og restavfall, og eit administrasjonsbygg med m.a kantine, kontor, garderobe. Bygg B er lagerbygg for innsamla papir, plastemballasje, glas- og metallemballasje.

Biogass i det blå

- VØR-leiar Petter Bjørdal – når kjem biogassanlegget?

- Heilt umogleg å seie – også om det kjem til å bli bygt. Planane for biogassanlegg er no klaga inn for Miljødirektoratet, og når dei kjem med eit svar veit vi ikkje. Og om det skal realiserast, så er jo det ei investering på over 200 millionar kroner saman med våre samarbeidspartnerar i ytre, Ålesund og Molde, seier Bjørdal.