Prestisjepris til Aurstad
Publisert 01.11.2018

E6 Frya – Sjoa er kåra til det vakraste vegprosjektet i landet for 2018. Aurstad var ein av hovudentreprenørane for utbygginga.
– For Aurstad er dette ei stadfesting på at vi levere ikkje berre høg teknisk kvalitet med også evnar på ein framifrå måte å utforme eit veganlegg som passar fint i terrenget og er visuelt godt tilpassa lokale forhold, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.
Det er 30 år sidan Vakre vegers pris gjekk til den nye Strynefjellsvegen. I 2018 er det E6 parsellen mellom Frya – Sjoa i Gudbrandsdalen som får prisen og knyter banda til heideren av Strynefjellsvegen i 1988.
– Dette er ein heiderspris for anlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgjevnadane. Det kan vere vegar, bruer, tunnelar eller tilhøyrande anlegg og utstyr, melder Statens Vegvesen.
I landet vårt vert det ofte bygd i vanskeleg terreng, og det må takast omsyn til kulturlandskap, lokalsamfunn og aukande flomproblem. I Gudbrandsdalen er den 33 kilometer lange strekninga på E6 lagt utanom tettstadar, og det er lagt stor vekt på ei godt tilpassa vegline gjennom det rike dal-landskapet.
E6 Frya – Sjoa var delt i to hovudentreprisar som begge var Noregs største signerte vegkontraktar den gongen. Aurstad i arbeidsfellesskap med Implenia var hovudentreprenør på den 15 kilometer lange vegstrekninga E6 Vinstra –Sjoa, som var ein av hovudentreprisane.
– Vi er utruleg stolte over dette prosjektet, seier Jo Stian Tverberg som er administrerande direktør i Aurstad. Prosjektet vart også kåra til Årets Anlegg 2016.
I juryen si grunngjeving for Årets Anlegg heiter det mellom anna «E6 Frya-Sjoa er et forbilledlig eksempel på hvordan et stort inngrep, i et kulturlandskap av nasjonal verdi, har underordnet og tilpasset seg landskapet. Nye E6 smyger seg gjennom landskapet på en måte som om den alltid har ligget der. 33 kilometer vei med tunneler og brukonstruksjoner med fremragende ingeniørkunst og arkitektur av vår tid. Prosjektet har stor samfunnsnytte og imponerer med solid og omsorgsfull gjennomføring særpreget av tillit og samhandling mellom aktørene. Resultatet er blitt en miljøtilpasset, trafikksikker og vakker vei som tar både naboene til veien og trafikantene på alvor. Et vellykket prosjekt som til fulle tjener sin hensikt.»
– Det var eit svært viktig prosjekt for oss, og vi er stolte over resultatet. Det er då kjekt å få den flotte tilbakemeldinga med å vinne Årets anlegg 2016, og i tillegg Vakre vegers pris 2018, seier Jo Stian Tverberg.
– Eit førebilete på korleis ein viktig nasjonal hovudveg skal byggast, meiner juryen for Vakre vegers pris om strekninga E6 Frya – Sjoa.
I grunngjevinga til juryen heiter det mellom anna at «Linjevalget framstår som et helstøpt forbilde for den krevende oppgaven det er å bygge et stort veganlegg i en visuelt eksponert dalside»
Ved å handtere massane frå vegbygginga på ein gjennomtenkt måte, har det vorte 50 mål meir dyrkbar jord i prosjektet. Dette er oppnådd først og fremst ved å bruke tunnelstein til heving av tidlegare flomtrua areal som er foredla til fulldyrka mark.
– Flombekkar er erosjonssikra ved kryssing av veganlegget, og det er sikra gode forbindelsar med lokalvegar og stiar på tvers av nye E6. Avlasta E6 er nedbygd til lokalveg med lågare fartsgrense og breie skuldrar for fotgjengarar og syklistar, melder vegvesen.no