Aurstad i media

Loftesnesbrui tok heim folkets pris i Tsjekkia

Publisert 11.09.2018


Stolte utsendingar frå vegvesenet, entreprenørar og konsulent tok imot prisen i Praha.

Den nye Loftesnesbrui i Sogndal var blant dei fire finalistane i kategorien veg- og jarnbanebruer i den internasjonale kåringa av årets stålbru i Europa.

Det er Europeiske stålforeininga som står bak prisen, som blir delt ut annakvart år.

I tøff konkurranse med jarnbanebruer frå Tyskland, Sverige og Tsjekkia, stakk altså Loftesnesbrui av med folkets pris tysdag kveld.

- Dette er utruleg kjekt, seier Gunnar Solbakken, prosjektleiar i Statens vegvesen, som er på plass i den tsjekkiske hovudstaden.

- Me er svært stolte av å vinna ein slik bransjepris. Me var ein av fire finalistar og gjekk heilt til topps i folkekåringa med god margin, så det er me veldig glade for, seier Solbakken.

Arbeidet med den nye Loftesnesbrui tok til for 2,5 år sidan og er teikna av Eggen Arkitekter, og bygd av PNC Norge og K.A. Aurstad. Allereie i desember i fjor vart ho opna for trafikk, medan den offisielle opninga var 24. august i år.

- Prosjektet har vore vellukka og me har fått ei fantastisk flott bru i Sogndal. Der ser me også på mottakinga heime, at folka er nøgde med produktet. Samstundes er Fjordstien klar og det har vore eit stort løft for heile sogndalsbygda, seier Solbakken.

Han legg ikkje skjul på at han vart overraska over at dei vann folkets pris under premieutdelinga i Praha.

- Me har oppfordra folk til å stemma på oss via Facebook og det har vore eit stort engasjement. Men me viste ikkje resultata av dette. Så då siste prisen skulle delast ut, trudde eg at me kom til å reisa tomhendte heim, men så vart Loftesnesbrui ropt opp som vinnar og det var utruleg kjekt, seier han.