Ørsta-firma fekk pris: Ny E6 blei Årets anlegg
Publisert 30.03.2017

Artikkel smp.no:
Vegprosjektet E6 Frya-Sjoa, der Ørsta-firmaet Aurstad medverka sterkt, er kåra til Årets Anlegg 2016.
Prisen Årets Anlegg 2016 blei delt ut under Byggedagene 2017, på gallaen onsdag kveld, skriv bygg.no.
Blant mottakarane av prisen var Ørsta-firmaet Aurstad AS, som saman med Implenia bygde den 15 kilometer lange strekninga frå Vinstra til Sjoa.
- Som ein av hovudentreprenørane på prosjektet er vi glade og stolte, seier Per Kristian Langlo, administrerande direktør i Aurstad AS.
Sterk konkurranse
Det er tidsskriftet Byggeindustrien som står bak prisen.
Vegprosjektet E6 Frya-Sjoa blei kåra i sterk konkurranse med dei to andre nominerte: Ustiktspunktet på Gaularfjellet og Nedre Røssåga kraftverk.
– Det var fleire gode kandidatar til å vinne prisen Årets Anlegg i 2016, og det var ikkje enkelt å kåre vinnaren, seier juryleiar Arne Skjelle til bygg.no.
Største vegutbygginga i landet
Heile det 33 kilometer lange vegprosjektet opna 17. desember. Anlegget har vore den største vegutbygginga i Norge dei siste åra.
Prosjektet var delt i to hovudentreprisar som begge var Norges største reine vegkontraktar då dei blei signerte.
AF Anlegg var hovudentreprenør for den 18 kilometer lange strekninga Frya-Vinstra, medan arbeidsfellesskapen E6 Implenia Aurstad bygde strekninga Vinstra-Sjoa på vegne av byggherre Statens vegvesen.