Lorem

Aurstad deler sine erfaringar av Leica på HxGN konferansen i Las Vegas 4 – 7 juni 2019

Publisert 28.06.2019


Aurstad sende fagansvarleg for geomatikk, Edvin Dale, på konferansetur til Las Vegas. Her skulle han snakke for Leica geosystems, og om Aurstad sin utstrakte bruk av posisjonering av maskiner, på den store HxGN konferansen.

Posisjoneringsutstyr er eit hjelpemiddel maskinførarar nyttar i maskiner. Desse har ein skjerm som inneheld ein digital modell av det som skal byggast, med ei digital maskin. Dette opnar for mogelegheita til å ha med seg målsetningar i maskina til ei kvar tid. Aurstad brukar posisjoneringsutstyr både i gravemaskiner, boreriggar, veghøvlar, dosarar og valsar.


«Aurstad har hatt posisjoneringshjelpemiddel heilt sidan 1994. Det har vore ei stor utvikling i dei seinaste åra, og det er ein viktig bit av anleggsbransjen», seier Edvin.

Aurstad og Leica har hatt eit godt samarbeid som går heilt tilbake til 2005, eit samarbeid som har ført til eit tett og nært leverandørforhold.

Samarbeidet har ført til at Edvin har vore invitert og delteke på messa kvart år sidan 2014. Dette for å halde ein presentasjon om Aurstad sin utstrakte bruk av posisjoneringsutstyrs-systemet til Leica. Å ha slikt utstyr på alle maskiner er spesielt, og vekker stor interesse.

I år viste Edvin fram maskinstyring i bruk til plastring av dammen på Strandevatn, og i tillegg litt om navigeringa av tunnelriggen inne i tunnelen. Han viste også korleis vi kombinerer bruk av posisjoneringsutstyr og maskiner i andre tunnelar. Nokre av dei spesielle utfordringane med å jobbe i tunnel er at det finst ingen GPS å hente posisjonar ifrå. Det må difor nyttast totalstasjon til dette, som nyttar innmålte kjente punkt (fastmerker) til referanse.

«Det var ein spennande og innhaldsrik tur. Det er viktig med slike konferansar der ein får høve til å snakke med andre i bransjen. Det er interessant å vise fram spesielt tunnelarbeid i utlandet, der dei gjerne har ei anna tilnærming til arbeidet sitt. Høge lønskostnader gjer at vi må nytte teknologi for å utføre jobben effektivt og til riktig kvalitet og pris.», seier Edvin.

«Det viser seg at i Noreg har vi heilt andre typar utfordringar og løysingar, noko som har ført til ein annan arbeidsmetodikk. Å dele desse på slike arenaer, skapar meirverdi for oss og heile bransjen internasjonalt. Dette skapar ein meir open dialog i bransjen, som igjen gir ei større utvikling», seier Edvin smilande.