Aktivitetsdag i Sunnfjord Næringspark, Moskog
Publisert 24.05.2017

Mandag 22. mai 2017 heldt K.A. Aurstad AS aktivitetsdag for elevane ved VG2 Anleggsteknikk ved Mo og Øyrane Vidaregåande skule.
Plassformann Svein Myhre ønskte elevar og lærarar, 23 i talet, velkomne til anlegget som skal bli Sunnfjord Næringspark når det er ferdigstilt. Han orienterte først litt om anlegget og Aurstad sitt oppdrag, og utfordringar som ein har møtt undervegs. Vidare fortalde han om Aurstad som ei framtidsretta og innovativ bedrift.
Deretter gav han ordet til HMS-rådgjevar Øyvind Holsvik som orienterte om opplegget for dagen: Blindsoner rundt arbeidsmaskiner og øving med arbeidsmaskiner under kyndig vegleiing frå maskinførararne.
Først blei alle tatt med rundt arbeidsmaskinene, blindsonene merka opp, elevane opp i maskinene etter tur for å «oppdage» blindsonene rundt kvar enkelt maskin. Mange fekk seg ei overrasking ved denne øvinga. «Ser vi verkeleg så lite?» var reaksjonen frå ein av elevane.
Etter at alle hadde vore oppe i maskinene var turen komen til dagens høgdepunkt for elevane. Dei fekk køyre dumper, grave og lesse under kyndig leiing av maskinførarane. Dette var stas, det var lett å sjå ! Alle fekk prøve ei eller fleire maskiner.
Før elevane og lærarane reiste tilbake til skulen vart alle samla og takka av for frammøtet. Lærararne gav uttrykk for stor takksemd til K.A. Aurstad AS for at bedrifta tok så vel mot dei, og let elevane få prøve seg under god rettleiing. Elevane og gav uttrykk for at dette hadde vore ein stor dag. Frå Aurstad si side vart det svart at det er viktig for rekrutteringa til bransjen at vi tek ungdomen på alvor. Det er dei som er framtida og skal drive bransjen vidare framover.
Ei stor takk til alle på anlegget som gjorde dette til ein stor dag for elevane.