Lorem

Opning av E6 Frya – Sjoa

Publisert 19.12.2016


Laurdag 17.12.2016 var det opning av E6 Frya – Sjoa. K.A Aurstad AS har hatt gleda av å vere med på dette store prosjektet i arbeidsfellesskap med Implenia. Arbeidsfellesskapet har hatt hovudentreprise på strekninga Vinstra – Sjoa.

I Januar 2014 starta det til då største vegprosjektet i Noreg, E6 Vinstra – Sjoa. Sidan K.A. Aurstad AS ønskte å vere hovudentreprenør, gjekk vi inn i eit arbeidsfellesskap med Implenia.

For Aurstad var dette eit svært viktig prosjekt, då det ville vere med på å heve kompetansenivået i ein stadig tøffare marknad.

Aurstad utførte alt arbeidet i dagen samt opplasting og utkøyring av tunnelstein og bygging av veg i tunnelen. Implenia utførte alle betongkonstruksjonar (31 stk), samt drivinga i tunnelen.

Dette prosjektet viser at det er mogleg for entreprenørar å gå i arbeidsfellesskap for å kunne ta på seg større jobbar. I slike prosjekt er den største utfordringa å samarbeide godt, sidan det er to ulike firmakulturar som skal smelte saman.

Arbeidsfellesskapet E6-Implenia-Aurstad ANS har hatt andre del av den 33 kilometer lange vegstrekninga E6 Frya- Sjoa. Vi har fått god tilbakemelding frå Statens Vegvesen, og vil gjerne trekke fram sitat frå bygg.no: «- Jeg vil framheve tre ting jeg er spesielt godt fornøyd med på anlegget; arbeidet med naturstein i krevende terreng, veldig pene betongarbeider, spesielt for Kvam bru og Faunapassasjen og sist, men ikke minst, er det et veganlegg med svært god linjeføring, oppsummerer Smidesang».

Den 17.12.2016, kl 11:00 var det stor opningsfest på Vinstra. Her hadde Statens Vegvesen i samarbeid med lokalbefolkninga laga til ein flott fest for eit storarta prosjekt. Under opninga var det understreka det gode arbeidet som var gjort av alle involverte partar, og samarbeidet med Statens Vegvesen. Det har vore eit stort og utfordrande prosjekt, men vi har fått til gode løysingar, og K.A. Aurstad AS er stolte av det ferdigstilte prosjektet.

Vi vil takke for eit godt samarbeid med Implenia og Byggherren Statens Vegvesen.

Vi vil gratulere Statens Vegvesen med ny og trygg veg, og ser fram til å løyse nye utfordringar saman.

 

Fakta:

Stad: Vinstra – Sjoa

Byggherre: Statens Vegvesen

Kontraktstyper: Hovudentreprise: Arbeidsfelleskap E6-Implenia-Aurstad ANS

 Samla kontraktsum: ca MNOK 1600

Byggetid: 2014 – 2016.

 

Kontrakta omfattar:

·         16 km ny E6

·         12 km lokalveg

·         1,6 km med gang og sykkelveg

·         31 konstruksjonar

·         2 tunnelportalar, 17 overgangsbruer og undergang.