Lorem

Vi har signert kontrakt på Loftesnesbrui

Publisert 12.11.2015


11.11. Kl 11:11 signerte K.A. Aurstad AS og austerrikske Porr kontrakta med Statens Vegvesen på Loftesnesbrui.

K.A. Aurstad har inngått eit arbeidsfellesskap med Porr. Porr skal bygge brua som skal erstatte den eksisterande stålbrua frå 1958. K.A. Aurstad AS skal fylle ut 50 000 kubikk i sjø, og det skal lagast nye tilkomstvegar. Aurstad skal også stå for rigg.

Hovudutfordringa er trafikkavvikling og lite plass, men vi er på god veg med utforming av planane for å løyse dette seier Per Kristian Langlo, Administrerande direktør i K.A. Aurstad AS.

Vi tek sikte på å starte over nyåret, etter samhandling med byggherre.

Vi har funne tonen, og vi har godt tru på eit godt samarbeid med byggherre og internt i arbeidsfellesskapet, seier Per Kristian.

Foto: Sogn Avis