Lorem

K.A. Aurstad AS fyller 30 år !!

Publisert 27.08.2015


1. august var det 30 år sidan K.A. Aurstad AS vart skipa. Mangt har endra seg på desse 30 åra, men grunnideen til bedrifta er den same. Bedrifta vart først og fremst tufta på innovasjon; sjå på gamle tekniske løysingar med «nye  auge».

Dette resulterte i mellom anna at «fyndelen» Kjell Arne Aurstad klarte det kunststykket å få ein stor semi til å snu inne i tunellen. Tidlegare hadde ein nytta enkle lastebilar med halve kapasiteten. Dette var lite effektivt.

Dette var avgjerande for å vinne kontrakta for Ålesundtunellane tilbake på 80-talet. «Nyskaping og innovasjon er framleis vår merkevare», seier dagleg leiar Per Kristian Langlo i høve 30-års jubileet .

«Ny og miljøvennleg maskin- og bilpark , moderne geomatikkavdeling og framfor alt dyktige og motiverte medarbeidarar er ein føresetnad for at vi har lukkast så godt som vi har», seier Langlo.

K.A. Aurstad AS har i dag om lag 200 tilsette, og omsette for nesten 600 millionar kroner i 2014. I vårt område har K.A. Aurstad AS vore involvert i dei fleste store prosjekt dei siste åra: Eiksundsambandet, Kvivsvegen, trafostasjonane for Statnett i Sykkylven, Bondalseidet, Ålfoten og Fardal.

Vidare har vi oppgradert lufthamnene på Vigra, Kvernberget, Hovden og Sandane. No er vi gang med storprosjektet E6 i Gudbrandsdalen der vi er hovudentreprenør saman med Implenia. Vi har nyleg avlutta riksvegsambanda over Filefjell og i Tysse i Hordaland.

Vi har nett no signert byggekontrakt med Eid kommune om opparbeiding av Hogabakkane byggefelt på Nordfjordeid. Der kjem vi gang kring 1. september.

Dei næraste åra er det mange store infrastrukturprosjekt på gang også i vårt nærområde. Dei ligg rett nok litt fram i tid , men vi er godt rusta for framtida, avluttar han.

«Komande laurdag den 29. august har vi open dag på anlegget vårt i Torvmyrane 31. Vi inviterer alle ørstingar og voldingar som vil ta del i feiringa til anlegget vårt denne dagen. Her vert det demonstrasjonar av store og mindre køyrety og arbeidsmaskiner, filmframsyning og mykje anna. Alle er hjarteleg velkomne» seier Per Kristian Langlo.

Om kvelden same dag feirar K.A. Aurstad AS for seg sjølv med fest på hotellet i Ulsteinvik.