Lorem

HMS – veka med vellukka beredskapsøving.

Publisert 04.06.2015


E6 Implenia-Aurstad ANS hadde denne veka fokus på HMS. Måndag den 01.06.15 var det informasjon til alle dei tilsette om kva som skulle skje denne veka.

Aurstad starta med presentasjonar der dei hadde fokus på fart, mobilbruk og bilbelte. Dette er noko som er tema for dei fleste. Her ville Aurstad gi ei påminning til dei tilsette, og vise dei situasjonar dei kanskje ikkje alltid tenker over. Her legg Aurstad stor fokus på at alle tilsette skal komme trygt til og frå arbeid.

«I samband med Aurstad si kampanje «Sikkerheit i kvardagen» har desse presentasjonane vore vårt bidrag» seier Øyvind Holsvik. Han tilføyer også «Presentasjonane har vorte godt mottekne, og vi har klart å skape diskusjonar på dei tema vi presenterte».

Øyvind hadde kurs med dei tilsette om blindsone rundt arbeidsmaskinene. Her vart både tilsette frå Aurstad, Implenia, Statens Vegvesen og underentreprenørar med. Statens Vegvesen delte dette bidraget på deira Facebook side E6 Øyer – Otta, Statens Vegvesen. «Det var veldig positivt at Statens Vegvesen tok del i denne øvinga» Seier Øyvind.

På onsdagen vart det beredskapsøvelse for dei tilsette på prosjektet. Det var vart laga til to situasjonar:

Den første som gjekk føre seg, var ei sprengingsulukke ved Sjoa, der tre skadde vart lagde i ei steinrøys. Første mann som kom til «ulukkestaden» etter middagspausen vart stoppa, og alarmen gjekk og varslingsrutinene vart sette i gang.

Det andre senariet var fallulukke ved Lågen bru. Og dei følgde dei same varslingsrutinene som ved første situasjon. «Dei tilsette gav god og effektiv hjelp i begge skadesituasjonane» Seier Øyvind. Formann i Sør Fron Røde Kors og Hjelpekorps var òg svært nøgd med øvingane.