Lorem

Gjennomslag på Teigkampen, E6 Sjoa – Vinstra

Publisert 05.06.2015


Torsdag 4 juni 2015, kl 16.00, vart det gjennomslag på den 3,7 km lange tunnelen. Ei ny stor milepel for utbygginga av nye E6 Sjoa – Vinstra.

Nesten alle som hadde vore med på tunnelen frå Aurstad var til stades for å markere den siste salva. «Karane våre har stått på, og dette var ein viktig milepel for oss» seier Per Kristian Langlo som er dagleg leiar i Aurstad.

Implenia-Aurstad starta med tunneldrivinga i mars i fjor. Då starta dei med driving frå begge endar, for å løyse oppgåva meir effektivt.

«Tunnelbyggarane har møtt på fjell av god kvalitet, ein kort sone med dårleg kvalitet, og dei har møtt på innleking av vatn» sa prosjektleiar Øyvind Moshagen i Statens Vegvesen. «Vi gav dykk ein utfordrande jobb, og den har de løyst på ein god måte» melder vegvesen.no

Dei som var med på utlasting av den siste salva var Marius Bruland og Vegard Vedvik. Vegard Vedvik var med på å laste første og siste salva.

«Dei som har våre på tunnel har utført eit godt arbeid og dei er sjåførar i toppklasse» seier Per Helge Moe, som er formann for Aurstad på tunnel.

På bilde av gutta på lastaren er det frå venstre:
Vegard Vedvik, Egil Rekkedal, Janusz Stec, Bjørn Vidar Nordheim ,Marius Bruland, Arne Inge Synnevåg, Jon Barmen, Ole Ludvig Myklebust, Per Brunstad.
Hogne Eikrem og Audun Fjell var ikkje til stades.


Fakta om Teigkampentunnelen:
• 3 750 meter lang, inkludert tunnelportane, lengde i fjell er 3 675 meter.
• 700 meter fjelloverdeking på det meste (tjukkelsen på fjellet over tunnelen)
• Byggeperiode mars 2014 – juni 2015
• Ca 780 salver er sprengt
• 367 175 kubikkmeter fast fjell er sprengt ut, det tilsvarar ca 32 650 lastebillass
• 707 meter av den totale tunnellengda på 3 675 er blitt injisert med sement for å tette mot innleking av vatn, behovet for injeksjon var på førehand anslått til å gjelde 740 meter.
• I en 10 meter lang sone med dårleg fjellkvalitet, er det sett tung sikring i form av armerte spøytebetongbruer for å stabilisere fjellet
• Ingen alvorlege skadar under tunneldrivinga, men tre mindre alvorlege skader som resulterte i fråvær frå arbeid
(vegvesen.no)