Lorem

Vellukka markering for Garneskrysset

Publisert 26.11.2014


Rundkøyring og kollektivknutepunkt ved Garneskrysset i Ulsteinvik vart offisielt opna den 26.11.2014. Dette prosjektet er ein del av Fv 61 som er ei samling av vegprosjekt på søre sunnmøre.

Ein delegasjon frå fylket, kommunane, vegvesenet, entreprenørar og grunneigarar var til stades då fylkesordføraren klipte snora.

Feiringa vart fyst opna med samling på grendahuset i Haddal, der ynskja Arild Fuglseth som er samferdselssjef for Møre og Romsdal, alle velkomne. Det vart sagt mykje fine ord, også om gjennomføringa til Aurstad.

Trafikken gjennom området har stort sett gått uhindra , og har fin flyt.

«Vi har gjennomført prosjektet utan ulukker, sjølv om vi har levert inn nokre RUH. Dei fleste av desse gjeld trafikkavvikling og tredjeperson» Seier Jarle Støye, prosjektleiar for Aurstad

Vi takkar alle som har vore med på prosjektet og ynskjer alle brukarar til lukke med ein ny og trygg veg.