Lorem

Folkemøte på E6 Vinstra – Sjoa

Publisert 03.04.2014

Tysdag 1. April blei det holdt folkemøte på kvam for alle interesserte om prosjektet E6 Vinstra – Sjoa.

Det var stor oppslutning med meir enn 60 personar tilstades på møtet, som Statens vegvesen heldt saman med Implenia og Aurstad i Kvam Bygdahus.

Føremålet med møtet var å informere dei interesserte i lokalmiljøet om prosjektet og gje dei muligheita til å stille spørsmål og få svar.

Dei fleste spørsmåla gjaldt støy og støv i tilknyting til prosjektet og spesielt sprengingar som har vore og vil bli gjort, samt spørsmål rundt arbeidstidene i vekedagane, helger og feriar.

I tillegg var der også fleire som hadde spørsmål kytt til funnet av granatar frå andre verdskrig i den komande E6-traseen.

Rune Smidesang, byggleiar for prosjektet hjå Statens vegvesen, laga eit panel saman med Trond Johansen, prosjekteiar i Implenia Norge og Aurstad, der dei informerte og svara på spørsmål. Dei forklarte realistisk kva som kan forventast i anleggsperioda.

Det blei servering med kaffi og kaker til dei som kom på møte.