Lorem

Geomatikk avdelinga til K.A. Aurstad AS på fagtur til Trondheim

Publisert 14.05.2014

Torsdag 24 – fredag 25.april reiste K.A. Aurstad AS si avdeling for geomatikk på fagtur til Trondheim. Målet var Norgeodesi som har avdelingskontor på Heimdal utanfor Trondheim. Dei er leverandør av landsmålingsutstyret som K.A. Aurstad AS nyttar som personleg utstyr. Målebok, GPS og kikkert (totalstasjon).

Bakgrunnen for fagturen var utviding av kunnskap om etablering/kontroll av fastmerke med totalstasjon, samt rapportering og nøyaktigheit av dette. Geomatikk avdelinga til K.A. Aurstad AS består av ni tilsette, og fagområdet geomatikk er eit område K.A. Aurstad vil fortsette å etablere høg kompetanse og innovasjon. Norgeodesi stilte med Ole Jostein Lefstad som er produktansvarlig, Håvard Lødøen, supportansvarlig og John Are Frøseth som er jobbar med sal.

Gruppa frå K.A. Aurstad AS reiste nordover til Trondheim med Hurtigruta, som er ein effektiv og fin reisemåte.

«Vel frame i Trondheim fredags morgonen køyrde vi ut til Heimdal, der vi vart tekne i mot av Norgeodesi. Vi byrja med å presenterte oss og fortelje litt om kva anlegg den enkelte jobbar med, og bakgrunnen til den enkelte.

«Norgeodesi hadde oppleggjet klart.» Seier Edvin Dale. «Det blei gjennomgått menyar og oppsett i måleboka, i detalj. Samt rapportering som kan utførast direkte frå målebok». Tilfører han

På den praktiske delen hadde Norgeodesi etablert fiktive punkt. Samt eit tenkt grunnlagsnett som vart brukt til referanse ved gjennomføring av polygondrag. Dette vert nytta til å etablere nye punkt, med totalstasjon.

«Både den teoretiske og den praktiske delen av fagturen gav ei betre forståing av reiskapen, som er med på gi ein meir optimal bruk av utstyret. Dette er med på å styrke vår kompetanse, og alle dei som deltok har fått ny faginformasjon som skal implementerast. Det er viktig at firmaet tenkjer kompetanseutvikling i eige hus,  og har fagturar som opprettheld og utviklar nivået, dette hjelper firmaet med å nå nye høgde.» seier Edvin

Etter en innholdsrik dag med god lunsj satt vi kursen sørover til Ørsta.

Bilete:
Opp til venstre: Ole Jostein Lefstad, Norgeodesi og Edvin Dale. Ned fra venstre. Aksel Myklebust, Steffen Hole, Per Olav Myhre, Steinn Øfjørd, Martin Hauge-Nilsen, Gunnar Frøholm og Even Øverbø og supportavsvarlig Håvard Lødøen i Norgeodesi. Fotograf John Are Frøseth