Aurstad hadde leiarsamling den 6-7 november
Publisert 12.11.2014

Aurstad hadde leiarsamling den 6-7 november i Sogndal med synfaring på anlegget i Fardal. Leiarsamlingane vert arrangert kvartalsvis og har fokus på drift av anlegga våre.

Agendaen var delt i 2 hoveddelar. I den eine delen vart det informert om økonomisk status, prosjektet «Sikkerheit i kvardagen» og organisasjon og samhandling. I den andre delen vart forsamlinga på 27 personar delt i 3 grupper.

I gruppa beståande av personell som jobbar med prosjektstøtte og administrasjon vart det jobba med ei ny felles database for kompetanseregistering og maskinoversikt. Den andre gruppa beståande av anleggsformenn og anleggsleiarar jobba med anleggsteknikk og drift og vedlikehald. Den tredje gruppa som bestod av projektleiarar og anleggsleiarar jobba med anleggsleiing og rapportering.

Etter at gruppene hadde jobba saman nokre timar var resultatet av jobbinga lagt fram i plenum og det var spørsmål og diskusjon.

«Det er viktig at vi tek diskusjonar med dei tilsette som brukar systema og skaper ein dialog om kva som fungerar og kva som har potensiale for betring. Vi må heile tida vidareutvikle oss og jobbe smartare» Seier Per Kristian Langlo.