Leverandørfaktura

For at Aurstadkonsernet skal kunne behandle fakturaen på ein effektiv og sikker måte innan forfall, må fakturaen sendast til korrekt juridisk firma (sjå firma nedanfor). Aurstadkonsernet ynsker fortrinnsvis å motta faktura som EHF-faktura.

Krav til fakturareferanse

Alle fakturaer som vert sendt til selskap i Aurstadkonsernet skal innehalde visse obligatoriske opplysningar. Alle fakturaer skal merkast med prosjektnummer og bestillar sitt namn. I dei tilfella der innkjøpet er knytt til ei bestemt maskin skal faktura også merkast med maskinnummeret. Dette er avgjerande for at vi skal kunne behandle fakturaen i tide. Om faktura ikkje er merka på korrekt måte vil den bli returnert.

Det er også ein føresetnad at alt fakturainnhald er i samsvar med gjeldande lovverk. Dersom fakturaen ikkje er merka med gyldig MVA-nummer, vil fakturaen bli returnert.

Fakturamottak til betaling

Aurstad har ein elektronisk fakturabehandlingsprosess som sikkra oss kontroll frå fakturamottak til betaling. Aurstadkonsernet har krav om forfall på minimum 30 dagar.

Fakturakontroll og godkjenning skjer i prosjektet som har bestilt varer eller tenester.

Dersom de ikkje har muligheit å nytte EHF-faktura, ber vi om at alle fakturaer sendast som pdf på e-post til autoinvoice.no, sjå e-postadresse pr selskap under. Vi gjer merksam på at det berre kan kunn ein faktura pr e-post og at e-posten ikkje blir lest av tilsette i Aurstad.

Dersom faktura må sendast på papir, skal den sendast til ein fakturasentral i Trondheim, sjå postadressa under.


Aurstad AS

Org.nr: 912 321 789

POSTBOKS 3261

7439 TRONDHEIM

E-post: 912321789@autoinvoice.no

Aurstad Tunnel AS

Org.nr: 885 349 552

POSTBOKS 3261

7439 TRONDHEIM

E-post: 885349552@autoinvoice.no

Aurstad Maskinutleige AS

Org.nr: 920 935 001

POSTBOKS 3261

7439 TRONDHEIM

E-post: 920935001@autoinvoice.no