Ytre miljø

Aurstad har som målsetjing å drive verksemda stadig meir miljøvennleg ved å søke løysingar som minimerer negative konsekvensar for miljøet.

Vi ynskjer å bidra til eit godt miljøarbeid ved å ha fokus på følgjande tema:

  • Energieffektivitet. Å ha ein oppdatert maskinpark med eit minimum av miljøutslepp.
  • Gjenvinning. Å vere ansvarsbevisst i f.t. natur og miljø ved å bidra med resirkulering, god avfallshandtering og gjenbruk på anlegga. Å handtere miljøskadeleg avfall på ein forsvarleg måte.
  • Utslepp til miljø. Minimere utslepp til miljø frå maskiner og motorisert utstyr, og følgje beredskap for handtering av utslepp.
  • Kjemikaliebruk. Minimere mengda av kjemikaliar som vi til ei kvar tid har ute i felt.
  • Materialforbruk. Ikkje bestille meir enn det vi treng, og gjenbruk av material og utstyr der det er formålstenleg og mogleg.
  • Etterlate det ytre miljøet på byggeplassen i like bra eller betre stand enn då vi starta arbeidet.