Politikk
Aurstad har som mål å vere ein leiande entreprenør for komplekse infrastrukturprosjekt i Noreg. Gode og effektive retningsliner for arbeidet med kvalitet, sikkerheit, helse, arbeidsmiljø og ytre miljø er avgjerande for å lukkast med dette.
Dette oppnår vi gjennom
- å ha konkrete mål og handlingsplanar
- å ha involverte og ansvarlege medarbeidarar
- å innarbeide politikken vår i systema og arbeidsoppgåvene
- å forplikte oss til å vere i samsvar med gjeldande lover og regelverk, interne reglar, retningsliner og rutinar, kundane sine krav og eigne krav
Saman med tilsette, kundar og leverandørar skal vi kontinuerleg forbetre praksis og rutine innan kvalitet, HMS og ytre miljø.
Målet er at vi skal jobbe trygt, unngå at vi set oss sjølve eller andre i fare for helseskade eller mistrivnad, ikkje skade det ytre miljøet og levere kvalitet i samsvar med kundane sine krav og interne krav.
Den øvre leiinga fastset politikken og informerer dei tilsette og samarbeidspartnarar om bedrifta sine forpliktingar.