Kva ser vi etter

Det det viktig for firmaet å ha arbeidarar i dei forskjellige nærmiljøa. Dei tilsette er kjernen i firmaet og legg grunnlaget for vår suksess. Det er difor viktig at våre tilsette har god kompetanse, er lag- og relasjonsbyggjarar og motiverte.

I bygg- og anleggsbransjen er prosjektarenaen ein kompleks og utfordrande plattform. For å skape effektiv drift av prosjekta er det viktig å ha tilsette som viser ansvar og tek initiativ, samt er engasjert i det vi arbeider med.

Aurstad sine verdiar er: nær, innovativ, profesjonell og ansvarleg. Det er viktig at alle tilsette i selskapet har felles verdigrunnlag, og at vi tek vare på ein sterk bedriftskultur. Vi søker deg som kan identifisere seg med desse verdiane.

For utvikling og forbetring i vårt fagfelt, er det viktig at vi tek med oss erfaringar frå tidlegare prosjekt og brukar desse i framtida. I Aurstad er vi alltid på jakt etter gode medarbeidarar som kan styrke laget vårt.