Erfaren

Du får sjansen til å jobbe i eit selskap med høg kompetanse, spanande og utfordrande prosjekt, som tilbyr konkurransedyktige vilkår.

Heilt sidan starten har Aurstad vore eit selskap med fokus på sine tilsette. Vi har i mange år hatt ein stabil og lojal arbeidsstokk, som har vore med å utvikle selskapet til det vi er i dag. Difor veit vi at gode medarbeidarar er vår viktigaste ressurs, om vi skal lykkast også i framtida.

Selskapet prøver å leggje til rette for dei tilsette på best mogeleg måte, mellom anna ved å prioritere velferdstiltak og andre fordelar. Forutan dette ynskjer vi at våre tilsette skal ha den rette kompetansen. Her får du sjansen til å jobbe i eit triveleg arbeidsmiljø, samt utvikle deg sjølv i det daglege arbeidet. Dette gjer du gjennom våre prosjekt. Selskapet kan også tilby kursing for å utvikle den generelle kompetansen til dei erfarne medarbeidarane.

Målet er å sikre at Aurstad er ein attraktiv arbeidsgjevar både for dei med lang fartstid i bransjen, og for dei unge som skal til å ta fatt på arbeidslivet.