Arbeidsretningar

Anleggsmaskinførar / lastebilsjåfør

Masseforflytting er vår kjerneverksemd og har vore det heilt sidan starten, og vi har spesialkompetanse innanfor fagfeltet. Vi har ein moderne maskinpark, med avansert og effektivt utstyr. Til transport har vi eit stort antal semi-lastebilar, dumperar og truckar. Vi tek på oss store samferdselsprosjekt og infrastrukturoppgåver.

Vi legg stor vekt på ny teknologi, og dette gjer at krava til maskinførarane vert endra. Teknologien gjer at spisskompetansen vert flytta lengre ut i produksjonskjeda, heilt ut til den enkelte maskinførar. Dette gir også maskinførarane vidare personleg utvikling.


Grunnarbeidar / Anleggsrørleggar

Vi legg alle typar rør, VA og trekkerør, og vi tek også på oss innvendig installasjon. Vi har vi god erfaring og kompetanse innanfor fagfeltet, og du får vere med på faglege utfordringar og gode moglegheiter til utvikling.


Stikning / Geomatikar

Vi driv med prosjektering, feltarbeid, oppfølging av produksjonsvolum, sluttleveransar og digital dokumentasjon. Ved å vere støttespelar for anleggs- og prosjektleiinga er geomatikarane nøkkelpersonar i vår prosjektgjennomføring frå prosjektstart til prosjektslutt.

Viktige eigenskapar er å vise ansvar og ta initiativ, vere engasjert i det vi arbeider med. Du kan få muligheit til å vere med i eit team med stor fagleg kompetanse, og også bidra til å utvikle denne.

Avdelinga har fleire metodar for å tileigne seg spisskompetanse. Avdelinga arrangerer fagkurs gjennom eigne bedriftsinterne konferansar og fagturar. Vi kjøper også kurs hos program-/utstyrsleverandørar.

Ved å samarbeide med heile breidda av prosjektgjennomføring får du muligheita til å tileigne tverrfaglig kompetanse. Du får muligheit til ein spennande kvardag der du jobbar med alle ledd i prosjektorganisasjonen, slik får ein lære kor viktige alle ledda er i ein prosess for å oppnå eit felles mål. Dette gjer at vi jobbar meir langsiktig og berekraftig.


Administrasjonsfag

«Det finst alltid ei løysing». Dette er ein filosofi som er basert på evna til å både vere løysingsorientert og å gjere jobben rett første gong. Det er difor viktig for oss at våre medarbeidarar er bevisste på å finne bærekraftige løysingar i prosjektet. Aurstad er hovudsakleg retta mot større anbod, og nøgde oppdragsgjevarar er vår beste referanse. Det er difor viktig at våre medarbeidarar spelar på lag med byggherre. Vi legg vekt på eit godt og tett samarbeid, med ein effektiv organisasjon med kort beslutningsline.


Bergsprengingsleiar/ Bergsprengar/ Borar

Vi har fokus på kvalitet og god kompetanse for å kunne levere eit godt resultat i forhold til kvalitet og økonomi. Maskinparken består av åtte boreeiningar med påmontert GPS - styring for å kunne legge inn elektronisk boremønster. Ved å bruke elektronisk boremønster vil kvaliteten på steinen bli merkbart betre. Maskinparken er eigna til å kunne bore i alt, frå steinbrotdrift og vegskjeringar, til små og store byggegroper. Avdelinga har eigne sprengelag med nye ADR-bilar/hengarar som utfører alt frå tekniske små salver til store steinbrotssalver. Bergsprengarane har erfaring med bruk av alle typar sprengstoff og tennmiddel. I tillegg er fleire bergsprengarar kursa på bruk av elektroniske tennarar. Avdelinga har til saman fem bergsprengingsleiarar som har høgt fokus på HMS og sikker drift av sprengingsarbeidet.

Sveisar / reparatør

Aurstad har eigen verkstad ved hovudkontoret. Dette er ein moderne verkstad med sveisehall. Vi har også verkstad på nokre av dei største anlegga vi er på. Nokre av dei tilsette på serviceavdelinga vert stasjonerte ute på anlegg, eller sendt på oppdrag for å hjelpe på anlegg. Med mykje utstyr er det viktig at vi har medarbeidarar med høg kompetanse. I service / verkstad avdelinga har vi god erfaring og kompetanse innanfor fagfeltet, og du får vere med på faglege utfordringar og gode moglegheiter til utvikling.