Samfunnsansvar

I Aurstad er vi medvitne på at vi påverkar samfunnet på mange måtar. Vi set spor, og skal vere ein seriøs og påliteleg samarbeidspartnar.

I Aurstad er vi medvetne om at vi påverkar samfunnet på mange måtar. Vi set spor og skal vere ein seriøs og påliteleg samarbeidspartnar. For oss i Aurstad er det viktig å bidra til ei positiv samfunnsutvikling. Dette er med på å løfte oss som selskap og arbeidsgivar, samstundes som det styrkar konkurransekrafta vår. Vi ser på nærmiljøet og den berekraftige utviklinga av samfunnet som ein av dei viktigaste faktorane for vidare vekst og eksistens. Aurstad har som mål å skape arbeidsplassar som gir ein sunn økonomi i selskapet. Aktivitetane våre skal ikkje koste liv og helse, og skal ha ein avgrensa negativ verknad på miljøet. Prosjekta våre skal utførast på ein berekraftig måte, ved at forretningsdrifta følgjer etiske retningsliner, standardvilkår, lover og forskrifter og minimere negativ påverknad på det ytre miljøet.

«Openheitslova»

«Openheitslova» skal fremje verksemdene sin respekt for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold ved produksjon av varer og tenester, og sikre tilgang til informasjon om korleis verksemda handterer negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Alle som jobbar i eller for Aurstad skal ha ein trygg og sikker arbeidsplass. Vi skal ha eit godt arbeidsmiljø, og ivareta dei tilsette sine rettar. I samsvar med lova, kjem vi til å fortsette arbeidet vårt med å bidra til å førebygge brot på menneskerettar og uanstendig arbeidsforhold i leverandørkjeda vår.

Aurstad har fokus på:

  • Minimere negativ påverknad av det ytre miljøet
  • Helse og sikkerheit
  • Ryddige arbeidsforhold
  • Openheit og rapportering


Aktsomheitsvurdering

Aurstad utfører aktsomheitsvurdering i tråd med OECDs retningsliner. Aktsomheitsvurdering vert regelmessig utført og står i forhold til verksemda sin storleik, art, og kontekst.

Aktsomheitsvurdering gir oss grunnlag for nærare oppfølging av leverandørar, der under mogelegheita for å forhindre, redusere eller førebygge brot på grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Dersom vi avdekker negative funn, vert det oppretta ein dialog og sett i verk tiltak for å utbetre og forhindre gjentaking.

Utgreiinga vår vert oppdatert og offentleggjort her på heimesida til Aurstad.

Dersom du har spørsmål om korleis vi handterer eventuelle negative konsekvensar, eller om du har eit spesifikt spørsmål knytt til varer eller tenester, kontakt oss via e-post: post@aurstad.no (behandlingstid innan tre veker).