Samfunnsansvar

I Aurstad er vi medvitne på at vi påverkar samfunnet på mange måtar. Vi set spor, og skal vere ein seriøs og påliteleg samarbeidspartnar.

For oss i Aurstad er det viktig å bidra til ei positiv samfunnsutvikling. Dette er med på å løfte oss som selskap og arbeidsgjevar, samstundes som det styrkjer konkurransekrafta vår. Vi ser på nærmiljøet og den berekraftige utviklinga av samfunnet som ein av dei viktigaste faktorane for vidare vekst og eksistens. Vi har som mål å vere ei bedrift med sunn økonomi, med evne til å skape jobbar i dei regionane vi arbeider.

For oss er dei tilsette den største ressursen vi har. Tilsette med gode lokalkunnskapar er ofte eit gode for oss som entreprenør i lokalmiljøet, og heilt frå starten har tilsette i Aurstad vorte påkosta fagbrevkurs. Vi veit nemleg at godt utdanna tilsette gir den beste kvaliteten på arbeidet.

Vi er óg opptatt av å hjelpe menneske som har utfordringar knytt til arbeid inn i arbeidslivet att. Difor har vi sidan 2007 hatt samarbeidsavtale med NAV arbeidslivsenter om å vere IA-verksemd, der ein samarbeider om å legge til rette for eit meir inkluderande arbeidsliv.

Når store lokale løft innan idrett og kultur skal realiserast, ønskjer Aurstad å vere ein viktig medspelar. Saman med frivillige i nærmiljøa der vi har vårt virke, har vi mellom anna vore med på å realisere idrettshallar, kunstgrasbaner, skiskyttarstadion, festivalar og forskjellige idrettslege og kulturelle arrangement.

Miljøansvar
I Aurstad ønskjer vi å vere eit selskap som går føre innan miljøansvar i vår bransje. Vi arbeider kvar dag for å sørgje for at det ikkje oppstår skadar på det ytre miljøet som vi kan forhindre. Spesialavfallsprodukt som spillolje, batteri og dekk vert tatt hand om etter føreskriftene, og vi er stadig på jakt etter nye, gode løysingar som tek vare på miljøet vi arbeider i.

Vi har utarbeidd særskilte rutinar og krav til transport av farleg gods og eksplosivar, og har utarbeidd reglar og rutinar for handsaming og bruk av alle arbeidsmaskiner og køyrety. Desse er innarbeidde i HMS-boka vår. Vi har eit moderne administrasjons- og verkstadbygg, der det er lagt vekt på gode rutinar for avfallshandtering.

Økonomi
I Aurstad har vi hatt, og har, ein sunn økonomi og god handlefridom. Dette er ein føresetnad for eit ryddig og profesjonelt tilhøve til alle våre samarbeidspartnarar, og for at vi kan utøve vårt samfunnsansvar. Vi vil også i framtida vere ein tydeleg aktør som vil bidra til vekst og framgang der vi er med.

Sponsing

I Aurstad har vi stort fokus på sponsing av idrettslag, kultur og fritidsaktivitetar i nærmiljøet. Vi meiner det er viktig å gi slik støtte for å vere med på å styrke nærmiljøet. Vi har både små og store sponsoravtalar innan idrett, kultur og andre samfunnsnyttige tiltak.

Om de ønskjer å søkje midlar hos Aurstad, må de gjerne ta kontakt. Fortel oss litt om kven de er, kven andre som sponsar dykk, kva avtale de kan tilby, og korleis vi kan få til eit godt samspel.

Behandlingstida på søknad hjå oss er 1 månad

Dei vi sponsar per 2014, er:

  • Kiwihallen
  • Hovdebygda HIL Fotball
  • Hornindal Rundt
  • Volda og Ørsta Basketballklubb, Waves
  • VTI skiskyting
  • VTI Fotball
  • Bratt og Blått - Trandalblues
  • KFUM Volda
  • Ørsta Lions
  • Hovdebygda Soge og Velferdslag
  • Ørsta Hornmusikk
  • Ørsta Fotball
  • Ein kveld med Bokkereidars bluesband og Olav Stedje, Folkestad.
  • Volda Ørsta Balettskule
  • ØIL langrenn
  • Hellesylt IL fotball
  • Åmdal IL alpint
  • Åmdal trekkspel klubb
  • Austefjordgrendalag helg
  • Hornindalhallen
  • Sæbø IL
  • Ørsta Hovden skulekorps Tussa treff
  • Synnylven IL skiskyting
  • Ervingen blandakor
  • HIL skigruppe
  • Vartdal fotball
  • Hellesylt stadion
  • Motorfestivalen i Stryn
  • Folkestad IL fotball G14
  • Mørehallen
  • Volda Golfklubb
  • Kvam IL