Om Aurstad

Aurstadkonsernet består av morselskapet Aurstad AS som eig 100% av selskapa Aurstad Tunnel AS og Aurstad Maskinutleige AS (sjå skisse under).

Administrerande direktør for Aurstadkonsernet er Jo Stian Tverberg. Konsernet har ca 70 tilsette.

Hovudkontoret og verkstaden ligg ved flyplassen i Ørsta Kommune.

Marknadsområdet har historisk sett vore i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. I 2013 tok vi eit større oppdrag i Hordaland og i 2014 starta vi på utbygginga av E6 i Oppland.

Vår strategi er at vi skal vere hovudentreprenør på dei prosjekta vi arbeider med, men det hender at vi tek på oss underentrepriser på tunnelarbeid.

Vi byggjer infrastruktur, dvs vegar og tunnelar, flyplassar, kraftanlegg og kommunaltekniske anlegg. Vi er største maskinentreprenørselskapet mellom Trondheim og Bergen.

For å kunne gjennomføre store og kompliserte utbyggingsprosjekt, fordrar det motiverte og kompetente fagfolk innan fleire fagfelt for å få til ei god prosjektstyring. I tillegg er det selskapet sin strategi at vi skal ha ein moderne maskinpark og vere tidleg ute med å ta i bruk ny teknologi. Vi skal vere innovative og løysingsorienterte. Selskapet vart starta på ein innovasjon og denne tankegangen ønskjer vi å ta med oss vidare.

Selskapsstruktur