Historie

Historia om Aurstad

Hausten 1985

Hausten 1985 stifta Kjell Arne selskapet, etter mange år i RB Nautvik. Han kjøpte ei Åkerman H10B gravemaskin, og ein lastebil som hadde kombi påbygg med dumper og svingskive, og ein 4-aksla flyttehengar. I februar 1986 kjøpte han, som ein av dei første i Noreg, eit mobilt knuseverk. Det var ein grovknusar med sikt, og det var det som vart opphavet til selskapet. Ideen fekk han frå tida han var tilsett i entreprenørselskapet RB Nautvik, som var det største entreprenørselskapet på nordvestlandet. Knuseverka hadde i stor grad vore stasjonære, noko som medførte at knuste steinmassar måtte fraktast over kortare og lengre distansar. Kjell Arne såg at eit knuseverk i nærleiken til anleggsområdet ville vere ein stor fordel. Det var starten på K.A. Aurstad AS, som i dag er representert ved merkevara Aurstad.

Tunnelsemi

Før oppstarten med Ålesund-tunnelane, fekk Kjell Arne tanken om å effektivisere og utvikle transportustyret til tunnelane ytterlegare. Det var lastetid av salver som var ei utfordring. Kjell Arne rekna ut totaltida på utkøyring av ei salve ved bruk av tre forskjellige maskinmetodar. Gunnen til at han rekna ut tida for utkøyring av salve, var å finne den mest effektive bilen til konstruksjon med moglegheit for å kunne snu i tunnel. Dette var starten på vidarutvikling av semien som no kan snu inne i ein tunnel. Ofte måtte lastebilane rygge lange strekningar for å kome inn til «stuffen», mens semiane kan snu på stuff. Fordi tunnelane hadde ei bredde på 8 – 8,5 meter, var de naudsynt å sprenge snuplassar for lastebilane. Kjell Arne ville redusere antal lastebilar og auke lastemengda.

Med Kjell Arne si utvikling av semitrailer, blei kapasiteten på 28 m3 mot ca 14 m3 på ein vanleg lastebil.

Kjell Arne reiste til Narkö i Finland for å konstruere semien og fabrikken fekk ansvaret for at rammekonstruksjonen blei rett med tanke på styrke og liknade og andre variablar. Seinare køyrde han data på simulatoren til Volvo-fabrikken i Göteborg, og konstanterte at utrekningane stemde. Trekkvogna var ein Volvo F 1233 Tandem. Lastekassa var 8,3 meter lang, og bygd i Blitzberg i Svergie. Lasteevna ved strøken kasse var 23 m3. Rett plassering av tyngdepunkt var viktig for at traileren kunne ta laust med full lass i ein tunnel med 8% stigning. Semitraileren blei sett saman i Norge, med ei totalvekt på 70 tonn. Det var ein vellukka konstruksjon og den vert framleis brukt i dag, både i Aurstad og i andre føretak.

Ålesund-tunnelane

I 1986 starta han arbeidet i Ålesund-tunnelane mellom Ålesund og Valderøy. Her fekk han første oppdraga med utkøyring av tunnelmasse med dei nye tunnelsemiane, samt knusing av tunnelstein. Etter utrekning av anbud, viste det seg fordelaktig for begge partar, og arbeidet tok til. Dei neste tiåra hadde Aurstad kontrakter på om lag alle tunnelmasseutkøyringane på Vestlandet. Omsetninga auka frå 333.000 det første året i 1985 til 5,5 millionar det andre året.