Pressemeldingar

K. A. Aurstad AS lanserer merkevara Aurstad

Publisert 12.12.2013


Dei siste seks månadane har vi i K.A. Aurstad AS, arbeida strategisk for å styrkje vår merkevare. Vi har i dag lansert ny profil og nettstad, med Aurstad som det nye namnet på vår merkevare.

K.A. Aurstad vart etablert med fokus på grunndrift av mobile knuseverk, av Kjell Arne Aurstad i 1985. Selskapet har opplevd ei stor vekst og har utvikla seg til å verte eit av det største entreprenørselskapet på nordvestlandet. Vi tel i dag omlag 170 tilsette og hadde i 2012 ca MNOK 402 i omsetning. Hovudkontoret og verkstaden ligg ved flyplassen i Ørsta kommune.

Selskapet har i ei lengre periode hatt stor auke, og dette stiller større krav til korleis vi kommuniserer.
Frå i dag endrar vi fokuset frå merkevara K.A. Aurstad AS til merkevara Aurstad. Kjerneverdiane som ligg til grunn for merkevara er innovasjon, nærleik, samt profesjonelitet og ansvarlegheit.

«For oss viser logoen vår både histore og innovasjon. Den viser til at vi tek vare på vår grunnverksemd, og at vi også tenkjer framover. Vi skal byggje ei merkevare på våre kjerneverdiar som vil gi eit betre bilete på selskapet utad, både visuelt og i måten vi kommuniserer på. Vi har utvikla mellom anna nettstaden for fleire flater, noko som gjer at vi vert meir tilgjengelege for både kundar og samfunnet. Det er viktig at vi viser den posisjonen vi har i dag, med ein ny og oppdatert profil. Vi har tatt første steget med å oppdatere oss digitalt, både med ny nettstad og nærvær på fleire sosiale medium. Dette skapar òg nærleik til omverda, noko som vi er opptekne av. Det vert ei gradevis utrulling av den nye profilen i 2014, og dette vil vise i nærmiljøet der vi opererer ».
Vår visuelle profil og logo er utvikla i samarbeid med design- og kommunikasjonsbyrået Racer. Logoen er ei modernisering av tidlegare uttrykk, og vi har også utarbeidt eit symbol som skal vere med å styrke identiteten vår. Slik tek vi vare på historia vår, samstundes som vi skapar ein ny og framtidsretta profil.

Ørsta, 12.10.2013.

Per Kristian Langlo
Dagleg Leiar
Mobi: 907 58 185
e-post: per.kristian@aurstad.no