Aurstad i media

Slik vart Loftesnesbrui plukka frå kvarandre

Publisert 03.01.2018


I nesten 60 år stod gamle Loftesnesbrui støtt over Loftesnessundet på riksveg 5 i Sogndal. I vekene før jul vart brua plukka frå kvarandre, bit for bit.

– Det er mange som har vakse opp med denne brua, og hatt den rundt seg i alle sine levedagar. Eg trur det for mange har vore litt vemodig å sjå den forsvinne, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Gunnar Solbakken.

Øvst i saka kan du sjå video av korleis den gamle Loftesnesbrui har blitt demontert.

Loftesnesbrui har vore eit landemerke der den ligg synleg til for alle som kjem til Sogndal. Men den gamle brua hadde dårleg plass for mjuke trafikantar, og då samferdsledepartementet lova pengar til bru i 2015 feira lokalpolitikarane med flagget til topps.

Eit halvt år etterpå, i januar 2016, var brakkeriggen og arbeidarane på plass, klare for å ta fatt på arbeidet med den nye brua. Sidan har det gått slag i slag, og allereie i februar i år var den siste delen av den nye brua løfta på plass.

Då den nye brua var klar til bruk tidlegare i desember var det kanskje spesielt dei mjuke trafikantane som fekk ein ny kvardag. For dei står det framleis att noko arbeid, forklarar prosjektleiar Solbakken.

– Det er framleis eit parti på brua som ikkje har full breidde. Årsaka er rett og slett at den gamle brua har stått i vegen, så når den no er riven vekk kan vi fullføre arbeidet.

Arbeidet med den nye Loftesnesbrui og området rundt skal fullførast innan utgangen av juli. I første omgang skal dei etter nyttår få fjerna dei siste brudelane som ligg i sjøen. Vidare står det også att ein del arbeid med å stelle i stand området på kvar side av brua.

Solbakken håpar både dei som bur i Sogndal og dei som reiser gjennom Sogndal er godt fornøgde med den nye brua.

– Mange har opplevd forholda på brua som dårleg, så eg trur nok mange synst det er bra at det er kome ei ny bru, seier prosjektleiaren.

Artikkelhttps://www.nrk.no/sognogfjord...