Ytre miljø

Ytre miljø

I K.A. Aurstad AS er vi bevisst på vårt ansvar, vår kraft til å påverke andre sine liv i positiv forstand og vår evne til å sette spor. For vi set spor. Vi set spor i menneska sine liv, i bransjen vår og i landet si historie og geografi. Vi kjenner vårt ansvar og vernar vårt miljø.

Vårt mål er å vere ein leiande aktør i vår bransje innanfor reduksjon av klimagassutslepp og å ta vare på miljøet. 

Den øvste leiinga fastset miljøpolitikken og informerer allmenta og tilsette om bedrifta si plikt til kontinuerlig å betre vår miljøinnsats.

Vi ynskjer å medverke til eit godt miljøarbeid ved å ha fokus på følgjande tema:

  • Energieffektivitet.
  • Attvinning
  • Kjemikaliebruk.
  • Irregulære utslepp.
  • Materialbruk.
  • Moderne maskinpark

Dette oppnår vi gjennom

  • å ha konkrete mål og ein realistisk handlingsplan
  • involvering og ansvarleggjering av våre medarbeidarar
  • å innarbeide miljøpolitikken i våre system og arbeidsoppgåver
  • å forplikte oss til å arbeid i samsvar med gjeldande lover, anna regelverk, kundens krav og eigne krav
  • På kvart prosjekt vert det laga ein HMS-plan som også inkluderer ein plan for ytre miljø
  • program for energileiing

Korleis handterer vi: 

Støv

Om det er fare for mykje støv blir det plassert ut støvmålarar. Om det skulle vere behov for støvdempande tiltak vil bedrifta sette i verk dette.

Støy

Om det er mykje støy, set firmaet ut støymålarar på dei aktuelle plassane. Om det skulle vere behov for støydempande tiltak vil bedrifta sette i verk dette. Dette kan for eksempel: bygge støyvoll mot busetnad, godt planlagt og gjennomført lagring av ferdigvarer. I tillegg vert det gjennomført tiltak som pigging på lågare nivå i terrenget.  

Skakingar

Når firmaet arbeider i tettbygde områder det bli behov for å måle skakingar. Blir dette gjort, vil firmaet utarbeide ein rapport.

Vibrasjonar

Det kan bli plassert ut vibrasjonsmålarar om det er behov for dette. 

Forureining av luft

Firmaet har ein stor andel av maskiner og bilar av nyare dato. Det er nytta lavsvovel-diesel på firmaets maskiner og bilar og det har vore fokus på miljøvennleg køyring, optimal transport med færrast moglege opplastingar, og gode anleggsvegar for redusert dieselutslepp.

Når det gjeld utslepp frå transport og anlegg, har utviklinga med moderne teknologi (etter nye krav på motorsida med Euro 6/Steg IV), medført følgjande:

  • 96% reduksjon i partikkelnivå i avgassar
  • 96% reduksjon i NoX
  • Kraftig reduksjon i forbruk på maskiner og bilar
  • Auto stopp for reduksjon av tomgangskøyring
  • Hybridteknologi også for anleggsmaskiner

Vi har i alle år hatt mål om å vere innovative, og sett etter moglege forbetringar og hatt fokus på positive tiltak for å redusere dieselforbruket. Her kan nemnast konkrete tiltak som er gjennomført i vårt prosjekt E6 Sjoa Vinstra:

  1. Det er nytta nyare bil- og maskinpark med energiøkonomiske motorar.  Desse har nyutvikla motorar som både brukar mindre diesel og forureinar langt mindre enn tidlegare. Det er nytta lastebilar med Euro 6 motor, og hausten 2015 mottok prosjektet E6 Sjoa Vinstra,  3 stk 40 tonns hybrid gravemaskiner. Dei nye maskinene vart levert med Euro stage 4 (er lik Euro 6). Nye lastebilar med Euro 06 2017.    
  2. Det er gjennomført sjåføropplæring. Sjåførane har fått opplæring i økonomisk køyring for å redusere dieselforbruket, og det har vore fokus på haldningsskapande arbeid for meir miljøvennleg køyring.
  3. Det har vore fokus på gode anleggsvegar for å få redusert slam/søl. Gjørmete anleggsvegar fører til auka dieselforbruk. Gode anleggsvegar gir gevinst for miljøet.
  4. Det har vore gjennomført dekkovervaking. Dette for å oppnå mindre motstand og redusert dieselforbruk, som er eit resultat av korrekt lufttrykk.

Følgjande system har vore i bruk:

Dynafleet (Lastebilar): Sjåførane har sjølve følgt med på kor miljøvennleg og økonomisk dei har køyrt, og har kartlagt forbruk av drivstoff og køyring på tomgang.

På anleggsmaskinene er det nytta Caretrack (Volvo Maskin) og Visionlink (Caterpillar), som kartlegg drivstoff-forbruk og køyring på tomgang.

Automatisk stans av motor etter gitt intervall, ved køyring på tomgang.

Avfallshandtering og kjeldesortering

Det er stort fokus på avfallshandtering og kjeldesortering.

På vårt prosjekt E6 Sjoa Vinstra var kravet til sorteringsgrad i kontrakta sett > 70%. I vår Miljøoppfølgingsplan, sette vi eit eige krav på > 80%.

Her var sorteringsgrad på eigenprodusert avfall totalt i prosjektet gjennom heile prosjektperioda, på heile 93%. Dette er eit svært godt resultat, som firmaet er stolt av, og er ein konkret dokumentasjon på at stort fokus på YM har medført god gjennomføring.

Når det gjeld krav som var på E6 til sorteringsgrad på rivingsavfall var kontrollkravet på > 80%. Sorteringsgrad på rivingsavfall totalt i prosjektet var på 88,6%. Også her er det gjennomført sortering vesentleg betre enn kravet i kontrakta.