"Sikkerheit i kvardagen"

Kva gjer vi for å betra vår sikkerheit i kvardagen?

K.A. Aurstad AS har sidan 15. september 2014 hatt ekstra fokus på sikkerheit i kvardagen for alle våre tilsette og samarbeidspartnarar. Dette er eit tiltak som skal fremje den daglege tryggleiken til alle medarbeidarane i bedrifta.

Prosjektet "Sikkerheit i kvardagen" starta opp i september 2014 og vart avslutta med sluttrapport til RVO-fondet i april 2016. Sluttrapporten er lagt ut på RVO (Regionale Verneombud) sine heimeside.

Rapporten er konkret i si form og kan gi nyttige tips og idear til dagleg fokus på tryggleik uavhengig av bransje. Vidare enda "Sikkerheit i kvardagen" opp med ein film som omhandlar blindsoner rundt arbeidsmaskiner og storbilar. Filmen ligg på vår heimeside.

I den seinare tid har vi fått ein del anlegg i sentrale tettstadområde. I dei høva har vi vore rundt til skular, barnehagar, skulefritidsordningar og informert store og små om faren ved anleggsarbeid. Blindoner har vore sterkt i fokus.

For å lese sluttrapporten trykk her: Sluttrapport "Sikkerheit i kvardagen"

Vi har spesielt fokus på:

  • Førstehjelp inklusiv hjarte- og lungeredning
  • Bruk av hjartestartar
  • Blindsoner rundt arbeidsmaskiner
  • Oppgradering av førstehjelpsutstyr på alle anlegga
  • Ekstra kontroll og supplering av brannvarslarutstyr på alle anlegga
  • Haldningsskapande møte for våre tilsette og samarbeidspartnarar ute på anlegga
  • Kontinuerleg gjennomgang av RUH-ar med tanke på å ta lærdom av dei
  • Betre etterleving av våre instruksar og rutiner
  • Styrking av verneomboda i bedrifta slik at dei blir gode støttespelarar for våre tilsette

Målsetjing:

Vi legg auka fokus på:

  • at alle våre tilsette skal kome trygt heim frå arbeid
  • at alle i K.A.Aurstad AS skal ha ein så trygg arbeidsplass som mogleg
  • at alle som jobbar i K.A.Aurstad AS skal bidra til at alle arbeider trygt
  • at vi alle bidrar til auka tryggleik for våre samarbeidspartnarar
  • at alle våre anlegg skal vere oppdaterte med godkjent sikringsutstr
  • at vi gjennom vårt arbeid med «Sikkerheit i kvardagen» kan bidra til auka trivsel,lavare sjukefråver og færre skadar