KS

Grunngjeving for selskapet sitt kvalitetssikringssystem / dokumentbehandlings- og styringssystem

Alle våre prosjekt blir kvalitetssikra heile vegen frå start til slutt. Samstundes jobbar alle involverte mot eit felles mål - fornøgde kundar. Dette gjer at vi kan levere den kvaliteten vår oppdragsgjevarar forventar - kvar gong.

Aurstad nyttar eit nettbasert KS-system frå Maskinentreprenørenes forbund (MEF) som selskapet sitt system for styring. KS-systemet er i utgangspunktet skreddarsydd for selskap som arbeider innan bygg og anlegg, som prosjektrelatert dokumentbehandlings- og styringssystem.

I systemet samlast alle skildringar, rutinar, sjekklister og skjema som er relevante for prosjektet, inklusiv bilete og grunnlag for FDV-dokumentasjon. I tillegg til å bruke standard-dokumenter frå MEFs bibliotek, har vi utvikla og tilpassa våre eigne dokument. I systemet ligg det ca. 300 mal-dokument for ulike formål og bruksområde, tilpassa vår bransje og våre arbeidsoppgåver.

Aurstad nyttar dette systemet på alle prosjekt. Når vi byggjer opp KS-planen for prosjektet, hentar vi inn aktuelle MEF malar og tilpassar desse til prosjektet, samstundes som vi lastar opp andre dokument som er aktuelle for prosjektet.

I tillegg til at vårt eige personell i Aurstad har tilgang til, og bruker systemet, gir vi etter behov og ynskje, tiltakshavar / byggherre og andre involverte, inklusiv UE, tilgang. KS-ansvarleg i Aurstad og i prosjektet vil registrere kven som skal være prosjektdeltakarar og ha tilgang. Alle prosjektdeltakarar vil via e-post få passord frå MEF.

Aurstad nyttar i tillegg ei rekke andre programvarer for prosjektstyring:

  • Citec Proadm til kalkulasjon, budsjett og prognoser, fakturaer og endringar
  • Microsoft Prosject til framdriftsplanar
  • Novapoint/Autocad til naudsynt prosjektering og FDV (as built)
  • Visma business til lønn og faktura

KS-målsetjing

Å gjere oppdragsgjevar nøgd med vår innsats, dvs. gjere eit godt utført arbeid til rett tid, gjere arbeidet rett første gong og forholde oss rett til dei forutsetningar og avtalar som er gjort.

Korrekt kvalitet til rett tid og rett pris er den beste reklame for nye oppdrag.