IA-bedrift

K.A. Aurstad AS har vore IA verksemd sidan 2007. I 2013 vart bedrifta tildelt pris for godt IA arbeid. Ved å inngå samarbeid om å verte IA-verksemd, stiller verksemda seg bak måla i IA-avtalen. Inngåing av denne samarbeidsavtalen inneber at arbeidsgjevar, tillitsvalde, verneombod og andre tilsette i verksemda samarbeider målretta for å oppnå ein meir inkluderande arbeidsplass. Ein viktig føresetnad for å nå måla med IA-avtalen er at verksemda har eit systematisk førebyggande HMS-arbeid , og at IA-arbeidet i verksemda vert implementert i dette arbeidet.
Vi i K.A. Aurstad AS har sett oss fylgjande mål for vårt IA-arbeid framover, og måla er nedskrivne i HMS-dagboka alle tilsette og innleigde har:

  • Legemeldt sjukefråver på under 4,5%
  • I komande 3 årsperiode, ha eit lågt fråver
  • Legg til rette for dei som har fått helseproblem
  • Gje moglegheit for dei som er heilt ute av arbeidslivet
  • Setje i verk tiltak for å halde dei eldre i arbeid i lengst mogleg
  • Jobbe for eigentrening for firmatiltak som trim og andre sosiale tiltak
  • Fokus på ergonomi og ergonomiundervisning

Det er NAV-arbeidslivssenter i Møre og Romsdal som delar ut IA prisen. I 2013 fekk Aurstad IA utmerking mellom 3700 andre bedrifter i Møre og Romsdal som var med i nomineringa.