HMS

Kva gjer vi for å ivareta HMS?

  • Alle tilsette har ei oppdatert dagbok med HMS-dokumentasjon og rutinar for selskapet
  • Utarbeider Sikker-jobb-analyser (SJA).
  • Meldeblokker for registrering og rapportering av uønska hendingar, uønska forhold og nestenulukker (RUH) på kvart enkelt prosjekt.
  • Gjennomfører vernerunder,
  • Vi har eigen HMS-ingeniør, 21 verneombod, 1 hovudverneombod og eige arbeidsmiljøutval
  • Ny og oppdatert bil- og maskinpark. Teknologisk langt framme på ergonomi, maskinstyring og GPS
  • Velferdstiltak som årleg campingtur for tilsette med familie,
  • Aurstad har verkstad- og administrasjonslokale med personalrom og trimrom for alle tilsette
  • IA bedrift. Samarbeidsavtale om eit inkluderande arbeidsliv, jobbar for lavt sjukefråvær og tett oppfølging av sjukmeldte
  • Intern og ekstern kursing av tilsette
  • Ved kvar hovudentreprise utarbeider vi eigen organisasjonsplan og HMS-plan.

Målsetjing

Vi skal etterleve lover og forskrifter og interne HMS-rutiner. Spesielt vil Arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter under DSB ( Direktoratet for Samfunnssikkerheit og Beredskap) ha høg fokus. Vi skal etterleve pålegga som Byggherrane har gitt oss i sine SHA-planar for dei enkelte prosjekt. Det er eit leiaransvar å sjå til at HMS-regelverket vert etterlevd. Det er vidare eit ansvar og ei plikt for alle tilsette at dei aktivt skal delta på utforming og dagleg oppfølging av HMS-regelverket vårt. Målet er at vi skal jobbe trygt, og unngå at vi set oss sjølve eller andre i fare for helseskade eller mistrivsel.

Vedrøande det ytre miljøet vil bedrifta så langt det er mogleg, sørge for at det ikkje oppstår ulukker eller skadar i nærmiljøet, og at spesialavfallsprodukt vert tatt hand om på forskriftsmessig måte.