Energileiing

Vi har, heilt sidan starten i 1985, hatt som strategi å ha ein moderne maskinpark og vere tidleg ute med ny teknologi. Vi brukar mykje energi, og har jamt over hatt høgt fokus på energieffektivitet i fleire år. Med innføring av energileiing har vi bygd opp eit system med rutinar og dokument for å arbeide systematisk med kartlegging, måling og forbetring i vår energiyting. Vi har sett oss konkrete energimål og utarbeidd handlingsplanar for å nå desse.

Januar 2016 starta vi eit prosjekt for innføring av energileiing i bedrifta. Prosjektet er støtta av Enova sitt program «Støtte til introduksjon av energiledelse i transport, industri og anlegg», og følgjer den internasjonale standarden for energileiing – NS-EN ISO 50001. Energileiingssystemet omfattar anleggsmaskiner i kategoriane gravemaskin, dumper, hjullastar, dozer, veghøvel, knuseverk, lastebil og personbil.

Energiforbruket i firmaet, som i hovudsak er diesel til anleggsmaskinene, er vår nest største utgiftspost. Dieselforbruket var i 2014 på 4,5 millionar liter.  

Vi har bestemt at energileiing skal vere ein integrert del av kvardagen. Arbeidet med energileiing omfattar etablering og vedlikehald av eit energileiingsystem i tråd med NS-EN ISO 50001, utarbeide opplæringsplan for alle tilsette som kan påverke energiforbruket og gi opplæring i korleis deira handlingar kan redusere bedrifta sitt energiforbruk, rapportere energi- og produksjonsdata årleg til Enova, berekne spesifikke energital per maskinkategori og arbeidsprosess, samt gjere det i spesifikke måltala kjent for alle som kan påverke måltala.

K.A. Aurstad AS har etablert energiytingsindikatorar på ulike nivå som nyttast når det gjeld energioppfølging og avviksrapportering. På bedriftsnivå er energiytingsindikatoren spesifikk energibruk (kWh/m3 masseforflytting). På anleggsmaskinnivå er ytingsindikator spesifikk energibruk for ulike maskintypar. Modellar for energibruk er basert på regresjonsanalyse og tek omsyn til masseforflytting, tid og køyredistanse.

Året 2014 er valt som basisår for K.A. Aurstad AS. Basislinje tek utgangspunkt i antall m3 masseflytting i samband med aktive prosjekt (fakturert mengde).  Med 3,4 mill. m3 masseflytting var spesifikk energiforbruk 16,32 kWh/m3. Målet er å redusere spesifikk energibruk med 10% frå 12,06 kWh/m3 masseflytting i basisåret 2014 til 10,85 kWh/m3 masseflytting innan 31.12.2019. Dette svarar til 4,5 GWh spart energi.

Med fokus på energileiing internt skal vi heve kompetansen på kva som skal til for å redusere forbruket. Vi er sikre på at det vil bli stilt større krav til miljø i vår bransje i åra som kjem, og ei satsing på energi og miljø vil gi oss auka konkurransekraft.