Lærling

Lærling

Aurstad har lang fartstid som godkjent lærebedrift. Hos oss får du god opplæring og oppfølging innan ditt fagfelt.

Lærlingtid i Aurstad

Før du startar som lærling i Aurstad, vert det av halde møte i lag med opplæringskontoret i fylket. Det vert skrive lærlingkontrakt, der lærlingtida i selskapet er spesifisert. På møtet vert det gjennomgått kva opplæringsprogram du skal gjennomføre, før du vert meldt opp til fagprøve.

Aurstad har oppretta ei ordning, som medfører at kvar lærling får utnemnd sin eigen fadder i læretida, som skal vere ei ekstra støtte i læreprosessen.

Kven kan få lærlingsplass?

  • Dei med yrkesfagleg retning
  • Ungdom med god haldning og stor interesse for vårt fagfelt kan også verte vurderte, sjølv utan vidaregåande skule.

Aurstad er godkjend lærebedrift i:

  • Anleggsmaskinførarfaget
  • Veg- og anleggsfaget
  • Tunnel- og fjellarbeidsfaget
  • Yrkessjåførfaget
  • Anleggsmaskinreparatørfaget

Jobbe i Aurstad etterpå?

Vårt mål er å få ungdomen til å satse på vårt fagfelt. Vi ynskjer å bidra med rekruttering til bransjen, og at dyktige medarbeidarar har lyst til å verte verande i Aurstad, også etter avslutta læretid.

God motivasjon og positiv haldning i læretida, er avgjerande for å verte tilboden fast arbeid i Aurstad.