Kva ser vi etter

Kva ser vi etter?

Aurstad har vorte det største entreprenørselskapet mellom Trondheim og Bergen. Difor er det viktig for firmaet å ha arbeidarar i dei forskjellige nærmiljøa.

Arbeidarane i firmaet er kjernen og legg grunnlaget for vår suksess. Det er difor viktig at våre tilsette har god kompetanse, er lag- og relasjonsbyggarar og motiverte.

I bygg og anleggsbransjen er prosjektarenaen ein kompleks og utfordrande plattform. Det er difor viktig å ha arbeidarar som viser ansvar og tar initiativ, samt er engasjerte i det vi arbeider med. Dette for å skape effektiv drift av prosjekta.

Aurstad sine verdiar er: nær, innovativ, profesjonell og ansvarleg. Det er viktig at alle tilsette i selskapet har felles verdigrunnlag, og at vi ivareteke ein sterk bedriftskultur. Vi søkjer deg som kan identifisere seg med desse verdiane.

For utvikling og forbetring i vårt fagfelt, er det viktig at vi tek med oss erfaringar frå tidligare prosjekt og brukar desse i framtida.