Arbeidsretningar

Arbeidsretningar

Geomatikk

Aurstad har lang erfaring med oppmåling for eige arbeid. Frå kjøpet av ein totalstasjon og seinare investering i GPS til bruk i utføringa, har geomatikkavdelinga auka både i storleik og breidde. Parallelt med at kravet til dokumentasjon har vorte strengare, har vi jamt og trutt styrka bemanninga og kompetansen innan faget.

Geomatikkavdelinga til Aurstad består av godt utdanna personell som sivilingenør, ingeniørar og internt opplærte geomatikarar. Erfarne fagfolk som nyttar moderne utstyr som totalstasjonar og GPS tilpassa dei ulike arbeidsoppgåvene. Den største endringa dei siste åra er likevel ein auka bruk av gravemaskiner med GPS.

I dag har vi GPS på alle gravemaskiner som brukast til konstruksjon. Dette lettar arbeidet vesentleg ved at maskinene står for utsetjing av konstruksjonar som skal produserast, samstundes som førarane kan fjerne ein stor del av innmålinga. Desse maskinene har i dag òg fjernkobling for support og dataflyt.

Geomatikkavdelinga utfører:

Uthenting og handtering av digitale plandata
Måling før jobben tek til – kan også utførast av gravemaskin
Masseberekning
Innmåling og dokumentasjon av utført arbeid
Samanfatting av geomatisk sluttdokumentasjon til kunden
Oppfylling av dataflyt på maskiner

Prosjektering

Aurstad tilbyr prosjektering innan samferdsel, vatn- og avlaup og kraftverk. Primært i samanheng med totalentreprise. Vi brukar Autocad og Novapoint som konstruksjonsprogram. Vi har sentralgodkjenning innan prosjektering og kontroll av prosjektering for fagområdet ”Bygningar og installasjonar” og for fagområdet ”Anlegg, konstruksjonar og installasjonar”. Vi har som mål å heve vår kompetanse innan prosjektering. Der vi i dag manglar kompetanse i eigne rekkjer, samarbeider vi med eksterne rådgjevarar.

Masseforflytting

Masseforflytting har vore vår kjerneverksemd heilt sidan starten, og vi har spesialisert kompetanse innan dette fagområdet. Gjennom fleire år har vi bygd opp ein moderne maskinpark med avansert, effektivt utstyr. Forutan den velkjende semi-lastebilen, har vi utvikla hjelpeutstyr for utlegging av røyr og pukk. I tillegg fekk vi det fyste mobile knuseverket i Noreg.

I dag har vi berre mobile knuseverk, som gir oss stor fleksibilitet. I samband med utbygging av kraftverk, kan knuseverka fraktast rundt.

Tunnel og veg

Aurstad vore involvert i dei fleste tunnelprosjekta på Nordvestlandet dei siste 10 åra. I desse oppdraga har vi hatt ansvar for opplasting og utkøyring av tunnelstein, vegbygging og røyrlegging, samt bygging av tilknytte vegar. Dette omfattar alt frå gang- og sykkel- og Europavegar, der våre fagfolk med gravemaskin byggjer murar av naturstein.

Kraftverk

Dei siste åra har vi satsa stadig meir på utbygging av kraftverk. Dette er ofte svært omfattande prosjekt, der vi mellom anna utfører sprenging, knusing, røyrlegging, massetransport og dambygging. Blant dei siste referanseprosjekta er til dømes rehabilitering av fyllingsdammen i Refsdal, Vik i Sogn, med Statkraft som byggherre.